Blægja på skitur med Indre Sunnfjord turlag (27.04.2024)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 24min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,170m
Map
Ascents Blægja (1,304m) 27.04.2024
Heilevangsstaurane S (1,224m) 27.04.2024
Visits of other PBEs Skaraly (701m) 27.04.2024

Heilt sida eg var lita har det vore snakk om skitur til Blægja, men av ulike grunnar har denne turen latt vente på seg. Eg har vore på Blægja fleire gonger, men då har det vore på beina og ikkje på ski. Mange gangar har eg høyrt om korleis denne turen er, med Heilevangsstaurane og snøskavlane som heng over staurane, slik at ein ikkje bør gå for langt ut, og om dei som har oppdaga kor langt ut på skavlen dei har vore. Det er også eit smalt parti, som kan verke litt skummelt siste stykket før toppen.
I dag skulle Indre Sunnfjord ha tur ut på Blægja frå Bygstad og været var akkurat passe til at vi kunne få ein fin tur, så eg bestemte å bli med. Vi gjekk på beina opp ti Skaraly og hadde ein pause der. Deretter tok vi på skia og sette retning mot Blægja. Greit tempo, men litt hard snø i starten. Etter kvart gjekk det over til kladdeføre heilt ut til toppen. På veg nedatt kladda det mindre. Det smale partiet, er nok ikkje min favorittdel. Det var rimeleg skummelt då eg skulle gå over, men eg klarte det! På veg tilbake hadde snøen mjukna så bra at det var reine sjarmøretappen tilbake. Alt i alt ein fin tur.

Utsikt frå Skaraly mot Litjehesten
Utsikt frå Skaraly mot Litjehesten
Storehesten
Storehesten
Storehesten sett frå Heilevangsstaurane
Storehesten sett frå Heilevangsstaurane
Ikkje langt igjen
Ikkje langt igjen
Utsikt frå Blægja mot Førdefjorden og Florø
Utsikt frå Blægja mot Førdefjorden og Florø
Utsikt frå Blægja Heilevangsstaurane
Utsikt frå Blægja Heilevangsstaurane
Bra med spor tilbake. Utsikt mot Storehesten og Heilevangsstaurane
Bra med spor tilbake. Utsikt mot Storehesten og Heilevangsstaurane
Storehesten
Storehesten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.