Snønipa og Myklebustbreen frå Høyset (01.04.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 9t 15min
Distanse 27,5km
Høydemeter 1623m
Kart
Bestigninger Myklebustbreen (1709moh) 01.04.2024
Snønipa (1826moh) 01.04.2024
Andre besøkte PBE'er Haugadalen p-plass (633moh) 01.04.2024
Høyset Parkeringslomme (335moh) 01.04.2024

Siste dag i påska og det var meldt sol. Fekk invitasjon om å være med på Snønipa denne dagen. Og ettersom eg mangla Myklebustbreen(1709moh) så var ønsket først og fremst bortom den toppen. Vi tok opp til venstre opp lia og vidare opp mot Snønipa. Etter kvart som vi steig oppover hadde sola teke meir og det var faktisk ikkje so verst å gå. Det verste var nok at det kladda litt under skia. Hadde ein fin liten rast på veg opp lia før vi fortsette opp til Snønipa. Det var mykje folk denne dagen, men då vi kom opp, så var vi aleine på toppen. Etter ein liten rast på toppen i strålande sol fekk eg med meg noko av turfølge bort på neste topp. Nydeleg føre frå Snønipa og bort til Myklebustbreen. Slakt og fint og pudderføre. Ein liten stopp på toppen før vi tok fatt på nedturen Haugabreen. Vi flugte nokre gamle skispor ned brefallet før vi fann ferske spor frå dei fleste som valte å gå frå Haugadalen denne dagen. Føret var akkurat slik eg likar, flott pudder og slake fine bakkar. I alle fall eit stykke nedover. Vi klarte å unngå den meste av skaren, sjølv om det var litt nede på flata i Haugadalen. Alt i alt ein finfin avslutning på Påska 2024.

Utsikt ned Haugadalen
Utsikt ned Haugadalen
Haugabreen
Haugabreen
Mykje spor oppover
Mykje spor oppover
Hanekammen
Hanekammen
Utsikt frå toppen av Snønipa
Utsikt frå toppen av Snønipa
Utsikt frå toppen av Snønipa. Blandt anna mot Heilefjellet
Utsikt frå toppen av Snønipa. Blandt anna mot Heilefjellet
Snønipa sett frå Myklebustbreen
Snønipa sett frå Myklebustbreen
På veg ned frå Myklebustbreen
På veg ned frå Myklebustbreen
På veg ned frå Myklebustbreen
På veg ned frå Myklebustbreen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.