Glitteregga (01.04.2024)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Distance 9.7km
Vertical meters 937m
GPS
Ascents Glitteregga (1,297m) 01.04.2024 17:11
Visits of other PBEs Randabygd idrettsanlegg parkering (405m) 01.04.2024 17:11

Stortur på påskeferien sin siste dag. Gustav & Co lokka med tur til Glitteregga, Eskil var gira på å prøve topptur, så eg pakka i ein fei og vi sette turen mot Randabygda.

Vel framme på parkeringa kom eg på at skiskoa til Eskil låg att heime. Skuffelsen til både far og son var enorm. No var gode råd dyre - men eg var villig til å selge det meste av ære og skam for å få dette i havn.

Eg fekk tips om ei 8-barnsmor ned i bygda. Her var det nok rikelig med skisko. Og heilt riktig - her var det både hjerterom og eit rikelig utval med sko. Turdagen var redda.

Resten av turfølget hadde gått i forvegen, og alt dette skorotet tok litt tid. Så det vart eg og Eskil på tur i dag. Men han var i storform og gira på toppen - så dette vart ein kjempedag!

Diverre litt sur nordavind og lause fellar i bakkane, men alt det lot seg fikse. Etter 2t og 40 min stod vi på toppen i strålande sol.

Nedkøyringa var litt blanda føre, ok øverst, sugeføre i midten og slusj nederst. Men ein skal ikkje klage på slikt når ein har gått sin første ordentlige topptur saman - og det til sjølvaste Glitteregga.

Start date 01.04.2024 11:20
(UTC+01:00 DST)
End date 01.04.2024 15:05
(UTC+01:00 DST)
Total Time 3h 44min
Moving Time 3h 04min
Stopped Time 0h 39min
Overall Average 2.6km/h
Moving Average 3.1km/h
Distance 9.7km
Vertical meters 936m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.