Kvammen og omegn (23.03.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fottur
Turlengde 0t 39min
Distanse 2,3km
Høydemeter 97m
GPS
Bestigninger Storehaugen (187moh) 23.03.2024

Eg og søsteren fann ut at været var betre enn meldingane. Så då blei det kortare turar i Kvammenområdet. Først ein tur til Kvernhusvatnet og Lindelivatnet ved Skrovemarkja. Opp til Kverhusvatnet var det heilt OK å gå. Tørt og fint. Men når vi skulle følge stien vidare til Lindelivatnet vart det verre. Skikkelig myrterreng, så vi vart ganske fornøgde med skovalet tross alt. Det er uansett veldig begrensa kor mykje vatn eit par sko kan halde ute. Turen vart relativt kort, så då blei det ein bonustur til Ålahøgda og Storehaugen. Ikkje så godt merka sti, men vi fann ein sti til slutt. Vi prøvde å finne ei anna rute ned for å unngå invasjon av private hagar. Etter nokre minutt i det vi trudde var ein anna sti, fann vi tilbake til den rette stien. Deretter ned på ein ny veg der dei tydeleg held på med å lage tomter. Heilt grei turar, sjølv med kliss våte sko. Vi blei tross alt ikkje våt i håret av det regnet som egentleg var meldt.

Kvernhusvatnet
Kvernhusvatnet
Lindelivatnet
Lindelivatnet
Utsikt frå Storehaugen
Utsikt frå Storehaugen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.