Sunnmorkhølen frå Sandvatnet (15.03.2024)
Written by Kaare_70
Visits of other PBEs | Sundmorkvatn (475m) | 15.03.2024 |
---|
Vêrmeldinga for denne lenge planlagde helgeturen til Stavanger Turistforening si utleigehytte i Sunnmorkhølen var ganske spennande, med ausregn på fredagen, oppklarning til retteleg godvêr på lørdagen og kraftig vind på søndagen. Me vart til slutt tre som ville på tur, og det var med spenning me kom opp til Sandvatnet fredag ettermiddag, for det store spørsmålet var om det var skiføre i det heile. På vatnet var det ikkje uventa ein del overvatn etter to heile dagar med regn, men ein liten test viste at det burde gå bra å koma seg over på ski. At me ville verta gjenomvåte på turen inn til hytta, rekna me uansett med, men det var mykje kjekkare å gå på ski frå Sandvatnet enn å bera dei på sekken frå Kåsastølen. I 16-tida var me klare og rekna med å vera inne ved hytta i god tid til det vart mørkt.
Med kortfeller gjekk det greit bort til Maratangen, men det var ikkje fritt for at det tidvis vart meir vannski enn årstida tilsa. Regnet kom og gjekk, men temperaturen var i alle fall på plussida slik at me ikkje fekk sludd. Me gjekk i land på tangen og sette kursen mot den slake Maradalen som var nytt bekjentskap for oss. Dette er kortaste vegen til Sunnmork frå Sandvatnet, men me måtte opp i om lag 670moh som er 30-40m høgare enn Pramstødleitet som hadde vore alternativet.
Utanom forholda på vatnet, var det nedgangen frå Maradalen til Sunnmork me var mest usikre på, både om det var snødekke og farbart. Det viste seg som venta å gå greit, sjølv om det vart litt basking i bjørkeskogen nedover. Det var faktisk greit skiføre heilt ned mot Teinebekktjødnane, men óg grei snø til å gå på beina gjennom den verste krattskogen.
Som venta var det absolutt ikkje skiføre nede i Sunnmork, og nokon av oss bytta til fjellsko. Uansett vart det å bera skia, og me følgte den nye stien langs austsida av Sunnmorkvatnet over nye og stort sett gode bruer. Å gå på isen her på 475moh hadde me ikkje lyst til, sjølv om det sikkert hadde gått bra. Brua over bekkeoset i vika lengst i søraust var faktisk tatt av flaumen, så der måtte me improvisera kryssinga av den dugeleg flaumstore bekken.
Etter 2 ½ timar på tur var me framme ved hytta, og som venta aleine. Faktisk hadde det bare vore to på tilsyn her inne første iskalde helga i januar, så det er få som finn vegen hit inn i vintersesongen. At hytta derimot er populær om sommaren og hausten, hadde eg jo sett med sjølvsyn både i juni og september. Søkkvåte og kalde som me var, var det godt å få fyr i omnen og bytta alle kleda. Og sidan det var 54-års feiring for meg denne helga, overraska kameratane med kvar si kake (type snickers og gulrot) alt fredags kveld, og det viste seg at me trong alle tre dagane til å fortæra dei!
Slik me gjekk denne turen vart han om lag 8 km med 100 hm stigning og 250 hm nedfart.
User comments