Resfjellet i supre forhold (17.03.2024)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 4t 00min
Distanse 14,0km
Høydemeter 721m
GPS
Bestigninger Resfjellet (1165moh) 17.03.2024

På veg frå Mo i Rana til Oslo overnatta vi på Fannrem for å få med oss Resfjellet sundag morgon. Vi var kjempeheldige med vêret, og køyrde til Kåsan parkeringsplass. Der var det nykøyrde spor og heilt blå himmel, vindstille og eit par minusgrader. Vi gjekk med fjellski og feller. Då vi tok av frå skisporet og vende nesa mot fjellet og høgdemetrane, valde vi å følgje ein trase på framsida av fjellet. Det var gått folk der før, flest ned rett nok, men vi følgde ein som hadde gått oppover. Vi tok det roleg og kunne verkeleg nyte utsynet mot Trollheimen. På toppen møtte vi Sturla S med hund. Det var jo ikkje heilt uventa, han må ha registrert hundrevis av alle turane til denne toppen. Dette var tredje dag på rad for han, og han brukte berre halve tida på turen i forhold til oss. Fint å ha nokon å spørje om alternativ trasé nedover, og fint også med ein som kunne identifisere alle fjelltoppane rundt oss. Vi valde å gå «den vanlege» løypa ned - på vestsida av fjellet.
Dette var verkeleg ein ideell dag å krysse av denne toppen på. Vi var ute i 4 timar inkludert matpause på toppen, og logga 14 km og 721 hm. Tom var med.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Jatakk!

    Skrevet av bakken59 19.03.2024 16:21

    Eg har trent jamnt og trutt sidan sist, og har snart gått 1300 km på ski i vinter, så eg kjenner meg bra. Men det er så langt til alle toppar, at det har vore lite aktivitet på toppfronten av den grunn. Men planen er å få med meg eit par vårskitoppar etter påske. Men det må passe med vær og evt turfølge. Lurar litt på om eg skal ta ein aleinetur over Haukeli for å få med meg Fuglafjellet i vår. Får prøve å gripe dagane om det byd seg eit høve!

  • -
    avatar

    Gratulerer med Resfjellet i

    Skrevet av Stigun 19.03.2024 15:59

    maksvær! Veldig kjekt å se at du er i gang med kommunetoppturer igjen igjen; regner med det betyr at formen er oppadgående!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.