Kongsvollen & Blåtind (05.03.2024)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Blåtind (697m) | 05.03.2024 12:20 |
---|---|---|
Kongsvollen (683m) | 05.03.2024 12:20 | |
Kongsvollen sørvest (625m) | 05.03.2024 12:20 |
Nydelig ver og nydelige topper med hav og tindeutsikt! Kontrastane er fine med vår i liane og snø på toppane. Gløymde broddane og fekk litt utfordring med ganske isete skare øverst i stien opp til skaret imellom Kongsvollen og Blåtind. Litt knoting og ommgåing på barmark der. Såg at det kanskje kunne by på litt problem med å komme seg opp på Blåtind. Valgte å gå på Kongsvollen først. Den var nesten fri for snø i solhellinga. Nede i skaret igjen, bestemte eg meg for å prøve å komme meg opp på Blåtind. Brukte ein skarp stein for å hogge nokre spor der det var som hardast å komme seg opp. Det funka som berre det! :) Nydelig å sitte ved varden og skue Sunnmørsalper og kjenne sola varme.
User comments
flott tur!
Written by kobbenes 17.03.2024 18:26gjekk denne turen første gong som 4åring - då kom eg i lokalavisa :-) Klassikaren er blåtind, kongsvoll, så ryggen frå kongsvoll vidare. upåklagelig utsikt!
Sv: flott tur!
Written by Eikås 18.03.2024 16:02Hærleg! Det må eg seie er ein god start i livet med goe foreldre :) Eg kjenner meg veldig heldig no! Som får lov av foreldra til det første barnebarnet mitt, å bidra med naturtimer! :) Ellers så er det stadig dragning opp igjen til Sunnmørsfjella. Det er noko eige ved desse fjella, tindane og havet. Det gjelder berre å fryde seg over vårtida framover no :) Ps. Skulle så gjerne tenkt meg å hatt ei signert bok!