Vardhusheia, Husaheia m.fl. på ski frå Målandsdalen (26.02.2024)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Husaheia (745m) 26.02.2024
Prammafjellet (713m) 26.02.2024
Salane (658m) 26.02.2024
Vardhusheia (761m) 26.02.2024

Med perlevêr meldt denne eine dagen i vinterferien måtte det bli ein spontan fridag, og berre litt over ei veke sidan sist tur gjekk vegen endå ein gang til Målands- og Brogaheia. Det hadde nemleg kome eit godt dryss med etterlengta nysnø rett før helga, så føret oppe på heia burde vera framifrå.

Det var isete oppover traktorvegen frå Boremyr, og eg tok ikkje på meg skia før eg var oppe ved den øvste brua. Opp til demninga i Sagåna gjekk det radig på om lag 50 min, og sidan sist var det blitt greit, men litt tungt skiføre i terrenget heilt herifrå. Vel oppe i sola ved Målandsvatnet bytta eg frå lange til korte feller, og sørover heia var det reint herleg å vera på tur, med lett føre, sol og stilt vêr som det var.

Dyrespor ved Prammaleitet. Salane dannar bakgrunnen
Dyrespor ved Prammaleitet. Salane dannar bakgrunnen

Eg gav meg god tid og studerte både dyrespora og vårløysinga som var i full gang langs bekken på Brogaheia. Det var trass alt midt mellom vinter og vår her oppe. Det var godt med dyrespor i nysnøen, truleg etter både hare og rev og dessutan enkelte mus eller andre smågnagarar. Lenger oppover mot Vardhusheia var det óg gledeleg mykje rypespor, og eg såg til saman ein handfull av dei kvitkledde fuglane denne dagen.

På Brogaheia med tilbakeblikk mot Prammafjellet og Husaheia
På Brogaheia med tilbakeblikk mot Prammafjellet og Husaheia
Det vårast på Brogaheia
Det vårast på Brogaheia
Mot Longavatnet og stupet på Vardhusheia
Mot Longavatnet og stupet på Vardhusheia
Mot utløpet av Brogavatnet
Mot utløpet av Brogavatnet

Det måtte bli besøk på Vardhusheia denne gangen óg, det som etter kvart har blitt favorittoppen min her lengst inne i Jørpelandsheia. Turen til topps tok om lag 2 timar 20 min frå bilen ved Rv. 13, og etter ein god matpause på stupkanten gjekk nedrennet ein god sving på austsida til midt på Brogavatnet. Den opprinnelege planen hadde vore å få med meg Lågahei eller ein annan topp austover i Krøys, men eg valde å heller legga turen nordover Husaheia. Her eit stykke følgte eg skispor etter tre som hadde vore på Vardhusheia frå Krøys, truleg dagen før. Ei mus som sprang føre meg nede i sporet liva opp, og eg let henne sjølvsagt vera i fred, livredd som ho nok var etter tida under snøen.

Ved utsiktsvarden på Vardhusheia
Ved utsiktsvarden på Vardhusheia
Utsikt sørover Longavatnet
Utsikt sørover Longavatnet
Magesug på stupkanten. Det er full isløysing i både Vardhustjødnane og Forenesvatnet
Magesug på stupkanten. Det er full isløysing i både Vardhustjødnane og Forenesvatnet
Utsikt mot Venavatnet og Krøys. Det er godt med rypespor i nysnøen
Utsikt mot Venavatnet og Krøys. Det er godt med rypespor i nysnøen
Herleg nedrenn mot Brogavatnet
Herleg nedrenn mot Brogavatnet
Dyrespor på Brogavatnet med Brogavassklubben dominerande
Dyrespor på Brogavatnet med Brogavassklubben dominerande
På veg mot Husaheia med tilbakeblikk mot Brogavatnet med klubben
På veg mot Husaheia med tilbakeblikk mot Brogavatnet med klubben
Ved varden på Husaheia med vestleg utsikt mot Jørpelandsheia
Ved varden på Husaheia med vestleg utsikt mot Jørpelandsheia
Utsikt frå Husaheia austover mot Krøys. Me ser topprekka frå Tindafjellet via Nordnesknuten til Krøysaheia
Utsikt frå Husaheia austover mot Krøys. Me ser topprekka frå Tindafjellet via Nordnesknuten til Krøysaheia

Frå Husaheia måtte eg velja om turen skulle gå austover til Krøys eller nordover til Prammafjellet, og eg landa på det siste. Nedrennet frå Husaheia var like flott som frå Vardhusheia, og så greit til topps på Prammafjellet på til saman 30 min. Etter å ha toppa ut her bestemte eg meg for å få med meg Salane som eg ikkje var oppom forrige gang. Nedrennet til Målandsvatnet gjekk i litt krongle terreng, og her kom eg over fleire interessante dyrespor, mellom anna spor etter ein liten krabat som hadde gjort nokre utruleg lange byks og etterlete seg det eg vil beskriva som hareliknande mikrospor. Kan det vera røysekatt eller snømus som har fore framom? Det var i alle fall typisk terreng for desse dyra med urd og nok av gøymestader.

På Prammafjellet med utsikt mot Prammaleitet og utløpet av Målandsvatnet
På Prammafjellet med utsikt mot Prammaleitet og utløpet av Målandsvatnet
Frå same staden med tilbakeblikk mot Brogaheia og toppane eg har vore på
Frå same staden med tilbakeblikk mot Brogaheia og toppane eg har vore på
Ein liten krabat har gjort nokre utruleg lange byks. Spora liknar på haren sine, men kvar sporgruppe er ikkje større enn eit kredittkort, og avstanden mellom dei er opptil 50 cm
Ein liten krabat har gjort nokre utruleg lange byks. Spora liknar på haren sine, men kvar sporgruppe er ikkje større enn eit kredittkort, og avstanden mellom dei er opptil 50 cm
Idyll like sør for Målandsvatnet
Idyll like sør for Målandsvatnet

Frå Målandsvatnet vart det ein tung tur snaut 2 km og 100 hm vestover til topps på Salane. Sidan matpausen på Vardhusheia hadde det gått med mykje krefter, og det måtte til ein rask pause med inntak av kalorier og drikke på eit vardepunkt litt sør for sjølve toppen. Etter fint nedrenn til Prammaleitet og traktorvegen var det av med skia att og retur på beina til bilen ved Rv. 13. Fasit for dagen vart om lag 20 km, 950 hm og 6 timar 40 min på tur, og eg var ei stor oppleving rikare!

Kort pause ved eit vardepunkt litt sør for Salane med flott utsikt mot Reinaknuten og Krunefjell
Kort pause ved eit vardepunkt litt sør for Salane med flott utsikt mot Reinaknuten og Krunefjell
Frå Salane mot Reinaknuten og Tysdalsvatnet. På andre sida av vatnet dominerer Lauvåsen
Frå Salane mot Reinaknuten og Tysdalsvatnet. På andre sida av vatnet dominerer Lauvåsen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.