Austlege Rokkekjerringa (01.08.2023)

Skrevet av ArilT (Aril Torheim) GSM

Startsted Bjørke (67moh)
Sluttsted Bjørke (77moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 38min
Distanse 14,5km
Høydemeter 1437m
GPS
Bestigninger Austlege Rokkekjerringa (1443moh) 01.08.2023 11:00

Austlege Rokkekjerringa

Rokkekjærringa har fått seg ein fast ski-visitt stort sett kvar vår dei siste åra. Frå Rokkekjerringa kan ein sjå ned på eggen fram til den tilsynelatande utilgjenglige naboen i Aust. Også sett frå Blåvatnet ser denne naboen med sin spisse profil ganske utilgjengelig ut. Det var på tide å avlagt denne naboen ein visitt.


Rokkekjerringa og Austlege Rokkekjerringa sett frå sørenden av Tussevatnet.
Rokkekjerringa og Austlege Rokkekjerringa sett frå sørenden av Tussevatnet.

Eg fekk med meg far min på denne ekspedisjonen som starta frå Bjørke. Vi hadde høyrt at det skulle være greit å nå toppen frå Tverrelvdalen.

Vi fulgte råsa opp mot Tyssenaustet. Både Honndalsrokken og Rokkekjerringa gjømde seg inne i skodde når vi nådde Tyssevatnet. Her vart det ein liten matbete medan vi studerte ruta vidare opp mot Tverrelvdalen.


Honndalsrokken i tåka.
Honndalsrokken i tåka.

Rokkekjerringa kika fram frå tåka i det vi bikka kanten inn i Tverrelvdalen. Det såg veldig bratt ut vidare opp mot Austlege med ein lodrett hammar midt i mot. Vi passerte hammaren og kom inn i ein bratt grasbakke som vi måtte traversere mot venstre for å komme inn på sjølve ryggen .



Opp ryggen kryssa vi litt fram og tilbake frå aust til vest sida. Det var enkelt å lese kva som var lettast veg oppover. Etter litt klyving flata ryggen etterkvart ut og låg der som en himmelstege vidare mot toppen.



Sjølve toppen var ganske flat og hadde større utstrekning enn det såg ut til nedanfrå. Stilig å sjå bort på Honndalsrokken frå denne vinkelen.

Det såg også ut som det skulle gått greit å tatt seg ned på eggen mot Rokkekjerringa dersom ein skulle ønske å gå vidare. Det var ca. 1,5 meter frå toppen og ned til ein stein som ein kunne klyve seg ned mot eggen frå. Eg er derimot usikker på kor enkelt det hadde vert å komme seg opp til Rokkekjerringa i den andre enden av eggen. Det såg også noko laust ut ned mot eggen.


Honndalsrokken
Honndalsrokken
Rokkekjerringa, 1575 og Bjørkenibba
Rokkekjerringa, 1575 og Bjørkenibba

Eggen fikk stå igjen til neste gong. Yr melde i dag som nesten alle andre dagar denne sommaren gult farevarsel for torevêr på ettermiddagen. Vi ville i så fall vert ganske utsatte her oppe, så det var nok best å komme seg ned igjen.

Turen tilbake gjekk uten store hendingar, med unntak av ein gjeng i Tyssenaustet som baud oss på heimelaga vin. Vi takka nei til det, "kanskje ein annan gong", men slo av ein prat før vi gjekk ned igjen til Bjørke.

Takk for turen!


Tverrelvdalen
Tverrelvdalen

Starttidspunkt 01.08.2023 10:12
(UTC+01:00)
Sluttidspunkt 01.08.2023 16:50
(UTC+01:00)
Totaltid 6t 38min
Bevegelsestid 5t 22min
Pausetid 1t 15min
Snittfart totalt 2,2km/t
Snittfart bevegelsestid 2,7km/t
Distanse 14,5km
Høydemeter 1437m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.