Snøhetta (29.07.2023)

Geschrieben von ArilT (Aril Torheim) GSM

Startpunkt Snøheim (1.470m)
Endpunkt Snøheim (1.474m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 46min
Entfernung 14,2km
Höhenmeter 981m
GPS
Besteigungen Snøhetta (2.286m) 29.07.2023 10:30
Snøhetta Midttoppen (2.278m) 29.07.2023 10:30

Snøhetta

Familietur til Snøhetta.


Mor og far hadde vert i nord Norge på sommarferie og var på veg heim. Planen var å møte dei ved Hjerkinn for ein tur på Snøhetta. Her skulle også foreldra til Magnar møte oss.

Det vart avreise frå Hornindal klokka 05:00 for å nå fram til bussen. 08:30 møtte eg dei andre på Hjerkinn. Herfra tok vi bussen inn til Snøheimen kor vi møtte Silje og Magnar som hadde overnatta der i telt. Turfølget var dermed samla.



Vi følgde merkinga til toppen langs jernstengene som er bora fast i fjellet. Ikkje nokon vanskelig tur, men den hittil høgste toppen eg har vert på. Synest det er litt artig å gå på "sitt høgste fjell" fleire gangar, og har derfor valgt å ikkje gå på blant anna Galdhøpiggen endå.
Slo dermed "persen" frå Besshøe tidligare i år, som var min hittil høgste topp.

På toppen var det god sikt, og vi kunne sjå både mot Rondane, Jotunheimen og innover mot nordvestlandet.



Eg og Magnar fortsatte vidare til Snøhetta Midttoppen for å inspisere ruta vidare over Hettpiggen. Vegen bort dit vart straks meir luftig, spesielt dersom ein gjekk nært kanten. Vidare mot Hettpiggen såg det absolutt overkommelig ut, men det får vente til ei seinare anledning når ein har med seg tau.



På veg heim vart det middag på Dombås før turen gjekk over Strynefjellet igjen. Ankomst klokka 23:00 i Hornindal etter ein flott dag på tur.


Startzeitpunkt 29.07.2023 10:23
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 29.07.2023 17:09
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 6h 46min
Zeit in Bewegung 4h 47min
Pausenzeit 1h 58min
Gesamtschnitt 2,1km/h
Bewegungsschnitt 3,0km/h
Entfernung 14,2km
Höhenmeter 980m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.