Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen (17.02.2024)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 17.02.2024
Krunefjell (723m) 17.02.2024
Vardhusheia (761m) 17.02.2024
Visits of other PBEs Brogaheia våpenkonteinere (645m) 17.02.2024

Dette vart ein blåkopi av den flotte romjulsturen til Målands- og Brogaheia, men sjølvsagt med heilt andre snøforhold. Sidan då har vintervêret vore svært vekslande, med store menger snø følgt av både krafig vind og regn i fleire omgangar. Men denne dagen var det meldt eit flott vêrvindu som måtte nyttast, og at det ville vera godt skiføre oppe på Målandsheia var ganske sikkert.

På stort sett snøfri traktorveg gjekk turen opp til demninga i Sagåna på tilnærma rekordtid, knapt ¾ time frå bilen ved Rv. 13. Heller ikkje her var det skiføre, derimot helst vårlege forhold, men halvvegs opp til Målandsvatnet kunne eg ta på skia. Det var som venta skareføre, men heldigvis ikkje isete, så langfeller var utan tvil rette løysinga for å få feste.

Helst vårlege forhold med varmande sol over Målandsvatnet. Me ser hovudmålet Vardhusheia bakerst
Helst vårlege forhold med varmande sol over Målandsvatnet. Me ser hovudmålet Vardhusheia bakerst

Det var både stilt og sol, så over Målands- og Brogaheia var det reine koseturen. Det var som venta ingen andre her oppe, men oppunder toppen av Vardhusheia skremde eg opp ei ennå kvitkledd lirype. Ho kosa seg på dei snøfrie rabbane i høgda og går nok snart over til brunare vårdrakt.

Oppe på toppen etter rekordraske 1 ¾ time var det heilt snøfritt, og bort til utsiktsvarden valde eg like godt å bera skia. Her var det óg snøfritt, medan det som venta var store mengder fokksnø i dalsøkket mellom toppunkta. Etter ein kort matpause med beundring av kremutsikten på stupkanten fann eg vegen ned til Brogaheia att. Det gjekk heldigvis ganske greit å renna kontrollert på langfellene på skaren, og i alle fall mykje raskare enn å gå på beina.

På Brogaheia der stigninga mot Brogavatnet tar til. Prammafjellet sjåast bakerst
På Brogaheia der stigninga mot Brogavatnet tar til. Prammafjellet sjåast bakerst
Straks på toppen av Vardhusheia med framifrå utsikt austover mot Krøys
Straks på toppen av Vardhusheia med framifrå utsikt austover mot Krøys
Utsikt som er lett å lika frå Vardhusheia!
Utsikt som er lett å lika frå Vardhusheia!
Mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Vardhusheia og Longavatnet

Vel nede tok eg den store flyttblokka midt på Brogaheia i nærare augesyn før eg gjekk i nokså rett linje 400m nord-nordvest til gøymestaden for containerane etter våpensleppet her i november 1944. På vegen dit kom eg óg over andre rester etter containerane, så det ligg nok litt av kvart spreidd i terrenget. På sjølve gøymestaden i urda under Bergeheia var det som venta så djup snø at ingen ting var synleg.

Den store flyttblokka midt på Brogaheia
Den store flyttblokka midt på Brogaheia
Rester etter våpensleppet i lia nedanfor Bergeheia
Rester etter våpensleppet i lia nedanfor Bergeheia
Tilbakeblikk mot Vardhusheia og Longavatnet med flyttblokka markert
Tilbakeblikk mot Vardhusheia og Longavatnet med flyttblokka markert

Etter ein sving oppom toppen av Bergeheia innsåg eg at det var så mykje att av dagen at det ville vera for dumt å ikkje få med seg Krunefjell i dette drøymevêret. Originalplanen om Salane vart derfor endra, men først måtte eg forsera ein dugeleg skavl med fokksnø vest for Bergeheia. Her fekk eg faktisk bruk for stegjerna eg hadde tatt med meg for isete forhold, og ved hjelp av desse og skistavane kom eg meg greit ned av den bratte skavlen.

Skia stod att ovanom skavlen, så turen vest til toppvarden gjekk på beina, noko som gjekk greit trass i at skaren etter kvart begynte å tina i den relative solsteiken medio februar. På Krunefjell var stemninga sjølvsagt høg i perlevêret, og etter ny beundring av utsikten gjekk returen rett tilbake til skia. Då hadde eg brukt akkurat timen på denne avstikkaren, inkludert ein del ekstra tid med å forsera skavlen på en trygg måte.

På Bergeheia for tiande gang, her utsikt vestover mot Krunefjell og bl.a. Reinaknuten ovanfor vardesteinen
På Bergeheia for tiande gang, her utsikt vestover mot Krunefjell og bl.a. Reinaknuten ovanfor vardesteinen
Mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Vardhusheia og Longavatnet
På Krunefjell med framifrå utsikt mot Tysdalsheia og bl.a. Reinaknuten sentralt
På Krunefjell med framifrå utsikt mot Tysdalsheia og bl.a. Reinaknuten sentralt
Kongeutsikt frå Krunefjell!
Kongeutsikt frå Krunefjell!
Mot Forenesvatnet
Mot Forenesvatnet
Tilbake ved skia etter avstikkaren vest til Krunefjell. Utsikt mot Krunefjell og Grautabotn
Tilbake ved skia etter avstikkaren vest til Krunefjell. Utsikt mot Krunefjell og Grautabotn

Med skia på att gjekk returen lett mot utløpet av Målandsvatnet, sjølv om skia måtte av her og der. Og den siste ¾ timen ned til bilen måtte skia sjølvsagt berast att. Eg hadde rett nok hatt tid til å få med meg Salane óg, men prioriterte å koma heim i nokonlunde tid denne gangen.

Mot Prammafjellet og Målandsvatnet
Mot Prammafjellet og Målandsvatnet
Tilbake ved Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad
Tilbake ved Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad

Fasit for turen vart om lag 19 km, 900 hm og 5 timar 20 min. Utanom rypa på Vardhusheia var det ikkje liv å sjå, men derimot ein del dyrespor. Det var dagsferske spor av både elg og truleg hjort, og oppe på heia var det ein del spor som enten var av rev eller hare. Eg heller til at det var av hare, som kan ha spor på relativt rett linje når han hoppar seint på hardt underlag, slik snøforholda var.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.