Hafstadstølen i laussnø (20.01.2024)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Visits of other PBEs | Hafstadstølen (380m) | 20.01.2024 |
---|---|---|
Reset Parkeringsplass (224m) | 20.01.2024 |
Mykje fram og tilbake i dag. Hadde planer om ein skitur på Vassenden, men -15 grader blei for kaldt og fare for snøvær seinare på dagen, gjorde at eg avventa litt. Etter kvart på føremiddagen blei det mildare og eg hadde håpa at nokon hadde valt å gå ruta opp til Hafstadstølen før meg. Eg gjekk i skispora, som tok retninga opp mot Halbrendsnipa. Frå krysset og opp til Hafstadstølen var det ikkje oppgått, men 40cm tung laussnø og det vart ein tung tur opp til Hafstadstølen derfrå. Blei nådd igjen av ein annan turgåar, som var fornøgd med innsatsen eg hadde. Ho tilbydde seg å gå litt foran for å gå opp. Så vi skifta på det. Uansett ein heftig trimtur, til tross for at det "berre" var 3km kvar veg.
User comments