Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen (30.12.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 30.12.2023
Krunefjell (723m) 30.12.2023
Vardhusheia (761m) 30.12.2023
Visits of other PBEs Brogaheia våpenkonteinere (645m) 30.12.2023

Det vart fullklaff med både vêr og føre på denne sjeldne romjusturen til Målands- og Brogaheia. Sidan siste snarvisitt for nokre veker sidan hadde det kome godt med snø over ei tydeleg grense på 5-600moh, medan det var isete og knapt med snø att lenger nede etter mildver og sterk austavind. Me brukte som vanleg om lag 50 min opp til demninga i Sagåna; føret hit opp var raskt på langfeller på den isete vegen. Alt ved demninga forstod me at det ville bli førsteklasses forhold vidare, for her møtte me nysnø som oppe på sjølve heia låg som fleire cm kvitt gull over det heile. Skikkeleg opptur, altså!

Hovudmålet med turen var Vardhusheia som meir og meir har blitt favorittoppen min her inne, og dette ville vera tiande gang og jubileum for meg. I tillegg til å vera ein framifrå skitopp, er Vardhusheia kanskje den finaste utsiktstoppen i Jørpelandsheia. Me brukte 2 ¼ timar til topps før me tok oss ein herleg pause med mat og kaffi på stupkanten 300m over Longavatnet. Etter å ha hatt ein småsur trekk imot over Brogaheia, stilna det heilt av her oppe, og me vart sittande i ¾ time og berre nyta stunda. Her hadde me turens einaste fugleobservasjon ved 4-5 kvitkledde ryper i flukt nedanfor oss.

I fint driv mot Målandsvatnet
I fint driv mot Målandsvatnet
Etterlengta og varmande solstråler ved Målandsvatnet
Etterlengta og varmande solstråler ved Målandsvatnet
Tilbakeblikk mot Prammafjellet
Tilbakeblikk mot Prammafjellet
På veg sørover Brogaheia der fleire toppar i Jørpelandsheia dukkar opp
På veg sørover Brogaheia der fleire toppar i Jørpelandsheia dukkar opp
Utsikt mot Longavatnet der me startar oppstigninga mot Vardhusheia
Utsikt mot Longavatnet der me startar oppstigninga mot Vardhusheia
Storfornøgd på veg opp nordryggen på Vardhusheia med Husaheia i bakgrunnen
Storfornøgd på veg opp nordryggen på Vardhusheia med Husaheia i bakgrunnen
Straks på toppen av Vardhusheia med flott tilbakeblikk på løypa vår heilt tilbake til Målandsvatnet
Straks på toppen av Vardhusheia med flott tilbakeblikk på løypa vår heilt tilbake til Målandsvatnet
Oppunder toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys
Oppunder toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys
På Vardhusheia for tiande gang, og i slikt perlevêr med pudder heilt til topps!
På Vardhusheia for tiande gang, og i slikt perlevêr med pudder heilt til topps!
Kanskje den finaste utsikten i Jørpelandsheia!
Kanskje den finaste utsikten i Jørpelandsheia!
Herleg pauseplass i sol og tilnærma vindstilt vêr
Herleg pauseplass i sol og tilnærma vindstilt vêr

Etter ein liten sving sørover langs stupkanten gjorde me vendereis og rann ned att på Brogaheia med peiling på Bergeheia. Men først var me bortom gøymestaden etter våpensleppet her i november 1944, der det var så djup snø at ingenting var synleg. Ein time etter at me braut opp frå Vardhusheia, stod me på toppen av Bergeheia, og berre 25 min seinare heilt vest på sjølvaste Krunefjell. Utsikten herifrå står ikkje mykje tilbake for den frå Vardhusheia, og særleg i nysnø og låg desembersol var det ei stor oppleving.

Nede på stupkanten med utsikt sørover Longavatnet
Nede på stupkanten med utsikt sørover Longavatnet
Magesug på stupkanten, det er 300m beint ned i Vardhustjødnane
Magesug på stupkanten, det er 300m beint ned i Vardhustjødnane
Mot Brogavatnet
Mot Brogavatnet
Oppunder Bergeheia med tilbakeblikk på majestetiske Vardhusheia og Longavatnet
Oppunder Bergeheia med tilbakeblikk på majestetiske Vardhusheia og Longavatnet
På Bergeheia
På Bergeheia
På Krunefjell med utsikt mot toppane i Holtaheia
På Krunefjell med utsikt mot toppane i Holtaheia
Kremutsikt frå Krunefjell mot Tysdalsheia og ut Liarvatnet til Dalen
Kremutsikt frå Krunefjell mot Tysdalsheia og ut Liarvatnet til Dalen

Men berre ei vekes tid etter solsnu er dagen kort, og me måtte alt tenka på heimvegen. Den vart lagd tilbake til Bergeheia før me rann ned langs nordryggen og tilbake til spora våre ved utløpet av Målandsvatnet. Så var det å koma seg like heile ned den isete vegen til Boremyr og Rv. 13 att, og her var me framme akkurat til solnedgang.

Vintraleg på Krunefjell!
Vintraleg på Krunefjell!
Mot Grautabotn og Krunefjell
Mot Grautabotn og Krunefjell
Blåtimen ved Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad
Blåtimen ved Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad

Dette vart om lag 19 km, 900 hm og litt over 6 timar ute, og ei fantastisk avslutning på turåret 2023!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.