Parkerte ved Røyrvika. Der var det eit jaktlag som skulle oppover også. Det er greitt å kle seg fargerikt når det no er jaktsesong. Då slepp dei å ta feil av meg og hjorten. Eg fulgte ruta opp mot Røyrvikstølen opp til skaret, der eg tok til høgre mot Bruraknappen. Fint å gå oppover. På veg ned frå Bruraknappen fann eg ut at det var lurt å ta på broddar ettersom det var ein del is på marka. Sikta meg nedover og vidare opp til Selda. Bratt terreng, men greitt å gå oppover. På veg ned frå Selda blei det litt fram og tilbake, men fann ei grei rute ned. Eg sikta meg mellom dei to toppane (utan namn), men fann ut at eg hamna litt for langt oppe i terrenget. Eg snudde og gjekk på utsida og ned mot Røyrvikstølsvatnet. Sikta meg greitt inn mot Storefjell. Der vart det ein liten rast før eg hasta vidare til Breistølbrupynten og derfrå ned mot Røyrvikstølen. Frå Røyrvikstølen fann eg ut at eg ville spare litt tid på å gå på isen og ettersom is i lågare terreng er tjukk no, så tok eg sjansen. Fulgte stølsvegen nedatt til bilen.
User comments