Videfossen høgre (17.11.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Ice climbing
Duration 0h 1min
Map
Visits of other PBEs Videfossen (576m) 17.11.2023 18:39

Endelig isklatring!
Etter ein usedvanlig kald og tørr november var eg over gjennomsnittlig spenna klar til isklatring. Juan hadde ikke prøvd før, og var gira! Turen gikk til Videfossen for å sjå om den kunne by på fin krægging for rustne sjeler.

Etter litt nødvendig kontorarbeid (vatn og avløp i Måløy ordnar seg ikkje utan utstrakt telefonverksemd) kom vi oss avgarde opp svingane til Gamle Strynefjellsveg. Forholda låg an til å vere perfekte. 0 grader, ingen snø, tørt og fint, og masse is på veggane ikring oss. Det viste seg å stemme. Videfossen hadde bygd skikkelig solid.

Fossen har to større isar: hovedløpet, som fører ein del vatn, og eit sideløp (høgrelinja) - ein bekk som frys fint til. Pluss ein del mindre greier som sig ned i juvet. Vi skulle prøve oss på høgrelinja.

Vi hadde med eit 70m-tau eg tenkte skulle holde i massevis. Vi sette stand i ei selje på toppen ved eit slags kraftverk. Tauet rakk nesten ned, eg rappellerte ned og tenkte at med litt strekk så kom vi til å lande fint på bakken.

Den gang ei. Eg stoppa 3 meter over bakken på ei lita hylle. Etter å ha klødd meg litt i hjelmen satte eg stand, og Juan kom ned. Så her stod vi då, på halv-hengande stand rett over bakken. Vel vel, ingen ting å tenke på. Vi skulle topptaue, så det var berre å sette i gang.

Juan tok første runden, og jomfruturen gikk så det suste. Veldig fin is, ein litt vedvarande WI3. Godt nøgd når han kom ned.

Så tok eg meg ein runde på topptauet - godt å kome i gang. Dette er jo litt som å sykle - sjølv om eg er litt nervøs.

Juan tok seg ei skjeve, så drog vi ned tauet, og eg leda opp. Eit lite steg for isklatreverda, men det er jo rart med det.

Juan fulgte på, vi pakka ned tauet, og kika bortom hovedløpet. Det var både høgare og brattare. Kanskje 50m WI4-5. Så hoppa vi i bilen og køyrde for å rekke SFOen, godt nøgde begge to. Neste gong stiller vi med 80m-tau eller ein litt meir gjennomtenkt plan. Anyay - no har vi eit lavterskelcrag i Nordfjord. DET er fint!

Juan på gjemmekontoret
Juan på gjemmekontoret
Videfossen. Vi klatra isen til høgre (ca 40m, WI3)
Videfossen. Vi klatra isen til høgre (ca 40m, WI3)
Is..
Is..
...og atter
...og atter

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.