Nordlysjakt til Halbrendsstølen (06.11.2023)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besuche anderer PBE | Halbrendsstølen (340m) | 06.11.2023 |
---|
OK, så er vi søringar litt galne når vi først oppdagar nordlyset så langt sør. Og vi bærer over oss av kor flott det er. Eg vil tru at folk nordpå ler litt av oss når vi hyler av begeistring i det Facebook og Instagram vert fylte med bilder av nordlyset. Det er nesten ein konkurranse om kven som har klart å fange det finaste bildet.
Kanskje ikkje så rart at vi søringar vert litt på tuppa når vi ser nordlyset. Det er ikkje fryktelig ofte vi har fått lov å sjå nordlyset med eigne auge. Og nordlyset er jo utruleg flott å sjå til.
Ettersom det var veldig flott nordlys søndags kveld og at det var meldt nordlys denne mandagen og, tok eg like godt å inviterte søsteren med på ein tur ut av Førdegryta for å få betre opplevelse av nordlyset. Etter mykje drøfting kor vi burde gå og at vi ikkje kunne ta den lange fjellturen, vart valet Halbrendsstølen. Vi såg nordlyset, men vi innsåg vel at Halbrendsstølen ikkje er den beste staden for observering av nordlyset, ettersom stølen ligg slik til at utsikta er sørvendt og ikkje nordvendt. Så neste gang det vert meldt nordlys og vi skal på tur, så er vel kanskje turvalet litt annleis.
Kommentarer