Toppar i Førde (07.11.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 36min
Distance 10.5km
Vertical meters 1,143m
GPS
Ascents Steinheia (896m) 07.11.2023 11:42
Førdsnipa (863m) 07.11.2023 12:46

Tok ut ein rettmessig fridag frå jobb, for å vere sjåfør for Marita som hadde ærend i Førde. Ein liten baktanke var det. Topptur på tysdag er ikkje å forakte. Sesongen no passar for toppar under 1000 moh., og normalt utan for mykje plunder. Grei sti opp til Hjellestølen. Skilt viste retninga vidare. Ikkje merkt anna enn nokre steinar oppover. Men tydeleg sti og greitt å finne fram. Flat topp, men god utsikt. Retur same veg nedatt til stølen. Her skilta til Førdsnipa, og tydelegare sti her. Måtte vere merksam på ising fleire stader oppover. Ei hylle hadde eit punkt, rundt eit berg som var tildeles smalt og litt luftig. Gikk fint med forsiktigheit. Også helt øvst var det små snirklande hyller å gå på. Ikkje vanskeleg. På toppen ein stor varde, og skilta rute vidare for nedgang til Førde by. Finfin utsikt. Eg valde å returnerte same veg, men kunne helde fram, då det var fleire ruter nedatt. På slike turar, der stien leiar ein mykje nedatt før neste topp, kan det freista å gå utanom sti, for å korte avstand, og redusere høgdemeter. Erfaringsmessig er det skjeldan lurt, og garantert ikkje her, sjølv om det freista litt.

Ser toppen av Steinheia.
Ser toppen av Steinheia.
Utsikt mot fjella i Bremanger.
Utsikt mot fjella i Bremanger.
Utsikt mot Storehesten og Blægja.
Utsikt mot Storehesten og Blægja.
Mot Førdsnipa frå Steinheia.
Mot Førdsnipa frå Steinheia.
Varden på Førdsnipa.
Varden på Førdsnipa.
Vakkert frå Førdsnipa.
Vakkert frå Førdsnipa.
Bratt opp til Førdsnipa.
Bratt opp til Førdsnipa.
Bratt ned frå Førdsnipa og.
Bratt ned frå Førdsnipa og.
Eikåsnipa/Høgeheia med fleire.
Eikåsnipa/Høgeheia med fleire.
Førdsnipa.
Førdsnipa.

Hjellestølen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.