Kvamfjellet og Flistrehornet (04.11.2023)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startsted Berstad (29moh)
Sluttsted Berstad (29moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 07min
Distanse 14,8km
Høydemeter 1015m
GPS
Bestigninger Flistrahornet (637moh) 04.11.2023
Kvamfjellet (774moh) 04.11.2023
Andre besøkte PBE'er Kvamfjellet - sti fra nordøst (30moh) 04.11.2023

Vi starta tidleg om morgonen og sette nasen mot Nordfjord. Vi rakk ferga Oldeide- Måløy med god margin. Fine temperaturar i dag med opp i 12 grader. Vi starta frå Berstad og det gjekk greitt oppover, sjølv om det var litt vind. Etter kvart kom vi opp i sola og det gjorde godt. Ein liten rast på toppen der varden gav oss litt ly for vinden. Litt fotografering før vi sette nasen mot Flistrahornet. Vi sikta oss nokon lunde inn og gjekk på. Greitt terreng då vi først hadde kome ned frå første partiet frå Kvamfjellet. Flott å ha sola i ansiktet stort sett heile tida mot Flistrahornet. Hadde ein kort stopp på Flistrahornet før vi gjekk tilbake mot stien som gjekk ned mot Løypinga. Litt bratt sti, men greitt å gå og fint merka. Frå Løypinga og ned var det så som så med merkinga langs Berstadvatnet og stien er nok ikkje den mest brukte. Alt i alt ein flott tur.

På veg opp bratte bakkane
På veg opp bratte bakkane
Solskinn var godt i dag i vinden
Solskinn var godt i dag i vinden
Utsikt mot Berstad
Utsikt mot Berstad
Utsikt mot Stadtlandet frå Kvamfjellet
Utsikt mot Stadtlandet frå Kvamfjellet
Utsikt frå Kvamfjellet
Utsikt frå Kvamfjellet
Utsikt frå Kvamfjellet sørover
Utsikt frå Kvamfjellet sørover
Utsikt frå Kvamfjellet vestover mot Kråkenes
Utsikt frå Kvamfjellet vestover mot Kråkenes
Endeleg toppen
Endeleg toppen
Utsikt frå Kvamefjellet
Utsikt frå Kvamefjellet
Utsikt frå Flistrahornet tilbake til Kvamfjellet
Utsikt frå Flistrahornet tilbake til Kvamfjellet
Utsikt frå Flistrahornet mot Hornelen
Utsikt frå Flistrahornet mot Hornelen
Utsikt frå Flistrahornet mot Barmøya
Utsikt frå Flistrahornet mot Barmøya
Flott å gå nedover frå Flistrahornet og få så flott og stille vatn
Flott å gå nedover frå Flistrahornet og få så flott og stille vatn
Solskinnstur
Solskinnstur
Berstadvatnet
Berstadvatnet
snart kveld og vi er straks tilbake i bilen
snart kveld og vi er straks tilbake i bilen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.