Fauskevarden og Fureviknipa (04.11.2023)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Fauskevarden (853m) | 04.11.2023 08:55 |
---|---|---|
Fureviknipa (750m) | 04.11.2023 09:53 | |
Visits of other PBEs | Nordheitunnelen p-plass (457m) | 04.11.2023 08:04 |
Helgetur til lågare strok på topptur-samling. Låg over i bubil på parkeringsplass til turbruk. Tidleg i skoa laurdags-morgon. På traktorveg, så over til mykje brukt sti mot Fauskevarden. Noko ising innimellom, så konsentrasjon var påkrevd. Eit bratt opptak vart nesten utfordrande grunna is-kjøver. Men kjettingane vart i sekken. Oppe ved varden etter 55 min. Svært vindfullt i dag, så boblejakke måtte på her. Nydeleg utsikt i alle retninger. Havet, Blægja og Storehesten m/fleire. Så var det å finne ei god rute mot neste topp. Bra sti mellom toppane, sett bort frå eit kort parti. Fann ei hylle å komme litt ned att. Så grei rute vidare, stort sett på sti til neste topp. Sti nedatt derifrå.
User comments