Skarpefjellsnakken ++ (22.10.2023)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Røyrbotnen (270m)
Endpoint Røyrbotnen (269m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 10.7km
Vertical meters 834m
GPS
Ascents Skarpefjellsnakken (778m) 22.10.2023
Stendarskarfjellet (680m) 22.10.2023
Stigen (667m) 22.10.2023
Yndesdalsnakken (670m) 22.10.2023
Visits of other PBEs Kalhovdasetra (436m) 22.10.2023
Kupegga (698m) 22.10.2023

Bra med vind over Sognefjorden i dag, så eg var litt spent på korleis det skulle være på Skarpefjellsnakken. I følge ut.no, så er sporinga frå Legene. Men etter det eg forstod på beskrivelsen, var det meininga å parkere nede ved traktorvegen og gå opp til Røyrbotnen. Eg valte å køyre, men forstod at den vegen kanskje ikkje er beregna på vanlege bilar. Heldigvis har eg ein god bil med noko klaring, så det gjekk greitt.
Parkerte i enden av traktorvegen og såg etter merke. Må innrømme at desse merka ikkje var dei tydelegaste eg hadde sett. Eg fann likevel ei rute opp mot Kalhovdesetra. Og vidare opp mot Skarpefjellsnakken, sjølv om merkinga ikkje var så god. Eg fann likevel fram. Litt blest på toppen, men ikkje så ille. Fortsette ned mot Stigen. Der var det gule merker, sannsynlegvis frå ruta som går til Tynningsstølen. Frå Stigen gjekk eg vidare mot Stendarskarfjellet. Der kom sola på vegen. Fekk ein liten stopp der før eg fortsette til Yndesdalsnakken og vidare nedatt mot Kalhovdesætra. Heilt vindstille på slutten og heilt fantastisk hærleg.

Stistart. Ikkje la deg lure til å ta grusvegen opp til venstre. Ruta opp til sætra går rett fram.
Stistart. Ikkje la deg lure til å ta grusvegen opp til venstre. Ruta opp til sætra går rett fram.
Utsikt på veg opp på Kalhovdasætra
Utsikt på veg opp på Kalhovdasætra
Kalhovdesætra
Kalhovdesætra
ut mot havet. Den første varden eg kom til på Skarpefjellsnakken
ut mot havet. Den første varden eg kom til på Skarpefjellsnakken
Utsikt østover frå Skarpefjellsnakken
Utsikt østover frå Skarpefjellsnakken
Utsikt nordover frå Skarpefjellsnakken. Her kunne eg skimte Storehesten, Blægja og resten av Heilefjellet
Utsikt nordover frå Skarpefjellsnakken. Her kunne eg skimte Storehesten, Blægja og resten av Heilefjellet
Utsikt frå Skarpefjellsnakken
Utsikt frå Skarpefjellsnakken
Utsikt frå Stigen mot Skarpefjellsnakken
Utsikt frå Stigen mot Skarpefjellsnakken
Utsikt frå Stigen mot Sulevatnet
Utsikt frå Stigen mot Sulevatnet
Sulevatnet sett frå Stendarskarfjellet
Sulevatnet sett frå Stendarskarfjellet
Utsikt sørvestover frå Stendarskarfjellet
Utsikt sørvestover frå Stendarskarfjellet
Skarpefjellsnakken sett frå Yndesdalsnakken
Skarpefjellsnakken sett frå Yndesdalsnakken
Utsikt frå Yndesdalsnakken
Utsikt frå Yndesdalsnakken
Utsikt frå Yndesdalsnakken
Utsikt frå Yndesdalsnakken

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.