Søthei frå Markosvatnet (20.10.2023)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Søthei (863moh) 20.10.2023

Denne helga var det meldt uvanleg kraftig austavind i indre strøk, med middelvind over 20 m/s og kast godt opp på 30-talet. Me tok derfor turar etter veret og skrinla f.eks. tur til Svinstølnuten til fordel for Søthei som truleg ville vera godt under snøgrensa. Lenger inne viste det seg å vera snøbyger eller óg snøføyke denne dagen, så det var uansett eit godt valg.

Start frå Markosvatnet på snaut 400moh på traktorveg etter å ha studert ein spak tiur i vegkanten frå bilvinduet på veg opp. Traktorvegen og seinare sti førte oss til Ausekleivtjødna, men i ganske feil retning i forhold til turmålet. Ved tjødna tok me i nokså rett linje mot toppen, og stilaust via 4-5 relativt bratte stigningar kom me greit opp til den flotte utsiktsvarden på 860moh på bare 1 ¼ time.

Me vinn høgde ½ times tid etter turstart og får denne utsikten i retning Månastølsnuten
Me vinn høgde ½ times tid etter turstart og får denne utsikten i retning Månastølsnuten
Me passerer ei fin tjørn på om lag 650moh
Me passerer ei fin tjørn på om lag 650moh
Ovanom tjørna får me flott utsikt austover mot Vinjanuten og jamvel tilbake til utgangspunktet ved Markosvatnet
Ovanom tjørna får me flott utsikt austover mot Vinjanuten og jamvel tilbake til utgangspunktet ved Markosvatnet
Ditto mot Augnastølsvatnet og Månastølsnuten med Hustveitsåta bakanfor. Hylsfjorden går kvit i den kraftige austavinden
Ditto mot Augnastølsvatnet og Månastølsnuten med Hustveitsåta bakanfor. Hylsfjorden går kvit i den kraftige austavinden
Tjørn i det djupe hakket på om lag 800moh
Tjørn i det djupe hakket på om lag 800moh
Straks på toppen, og utsikten åpnar seg flott mot Sand, Ropeid og Vindafjorden. Dominerande toppar er Gryte-, Akslands- og Sellandsnuten
Straks på toppen, og utsikten åpnar seg flott mot Sand, Ropeid og Vindafjorden. Dominerande toppar er Gryte-, Akslands- og Sellandsnuten
Ved utsiktsvarden 860moh
Ved utsiktsvarden 860moh

Vinden hadde kome og gått oppover i terrenget, men her på topplatået fekk me kjenna på naturkreftene, og det var ikkje verande i lengda. Etter eit kort besøk på høgaste punktet 150m lenger sør, gjekk returen ein sving nedom Hedlestølen der me tok ein god mat- og kaffipause. I brukbart le og litt varme frå den bleike ettermiddagssola var det helse for både kropp og sjel.

Retur mot Hedlestølen med utsikt mot Hotleskorvatnet og Månastølsnuten
Retur mot Hedlestølen med utsikt mot Hotleskorvatnet og Månastølsnuten

Me kunne ha fått med oss Månastølsnuten óg, men valde å returnera til bilen frå Hedlestølen fordi det var ulendt terreng og kunne blitt knapt med tid før mørkret. Det var fleire stiar, men ingen samanhengande, blant anna ein sporadisk merka med raud "S". I ettertid har me forstått at denne går til Søthei frå nord. Om lag 6,5 km, 600 hm og 3 ¼ timar på tur.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.