Førde/Naustdal: Krunene, Blåfjellet og Høgefjellet (09.03.2013)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Tjørnaland (200moh)
Sluttsted Tjørnaland (200moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Høydemeter 1500m
Kart
Bestigninger Blåfjellet (1066moh) 09.03.2013
Høgefjellet (948moh) 09.03.2013
Krunene (1066moh) 09.03.2013
Smådalsnipa NV (929moh) 09.03.2013
Tjønnafjell (688moh) 09.03.2013

Denne turen vart lenger enn forventa, og meir tidkrevande. Mykje isete parti og kronglete veivalg. Kom frå Førde og tok av på Tjørnaland skilta mot Brunene....sto at dette var bomvei, men ikkje betaling dersom ein skulle berre til gardstuna....ok vi skulle dit. Då vi kom tilbake etter turen var det oppmoding om betaling på frontruta. Ingen problem, vi betalte 40 kr på retur.

Turen frå gardane på ca 200 moh gjekk mot Tjørnalandsstøylane langs skogsvei og røyrgate. Tok av mot Tjønnafjell 688. Lettgåt mot Krunene men etter kvart isete parti. Ei dame på fjellski måtte gi seg på ca 900 m. Krunene -> Andersskaret -> Blåfjellet, mykje is og trasig skiføre. Vi var dei første som skreiv oss i boka på Blåfjellet i 2013. Vestover til Smådalsnipa 930. Her hadde det vore besøk før oss tidlegare på dag. Søraustover mot Gavlevatnet og siste 250 høgdemeter opp til Høgefjellet 948. Fekk nokre hundre meter ok snø frå Rimmane mot Tjørnalandsstøylane. Ellers elendig nedkjøyring. Men dette er som kjent underordna, viktig å ha fokus på arbeidsoppgåvene!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.