Hest (07.10.2023)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Hest (1,062m) | 07.10.2023 |
---|
Vurderte Munkeggi denne laurdagen, men på grunn av nysnø på toppen, fann eg ut at eg ventar med den toppen til sommaren att. Då blei det Hest. Fulgte godt merka rute til toppen. Godt med vind gjorde at det kun blei ein liten stopp med til fotografering før eg gjekk vidare. Tenkte eg kunne ta ei runde i staden for tur/retur og såg det an til at det skulle gå greitt. Sikta meg inn på den merka ruta over Dyreskardet. Litt lite merking ned til skaret, men det gjekk greitt å gå ved å følgje kartet. Fulgte den merka ruta til Hesjedalen. Oppdaga fort at elva ikkje kunne kryssast tørrskodd. Så då var det berre å labbe uti og bli søkk gjennomblaut. Eg reknar med at den er litt lettare å passere på sommaren. Fulgte fin sti frå Hesjadalen og ned att til bilen. Godt å få på seg tørre sokkar og sko som låg i bilen og venta.
User comments