Såta (30.09.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 1h 19min
Distance 5.8km
Vertical meters 345m
GPS
Ascents Såta (1,257m) 30.09.2023 14:14
Visits of other PBEs Fetjane parkeringslomme (910m) 30.09.2023 13:31
Fetjaåne bru (920m) 30.09.2023 13:34

Andre tur i dag. Køyrde forbi Lykkjestølane, under det flotte fjellet Nibbi, og vidare til Fetjane. Merka frå stølspmrådet. Når ein har passert brua, ta litt til høgre. Fint oppover, med markerte toppen framfor, og fine elva langs stien. Start kom eg til ein fin foss. Vidare li lett stigande terreng til eit vatn. Her var blått merke plassert mot vatnet, og ikkje stien som drog seg vidare mot fjellet på venstre side. Men greitt å vete i kva retning ein skal gå slik visuelt. Litt lenger opp må ein svinga 90 grader til venstre. Så fint opp litt i høgre sida på fjellryggen heil til topps. Traff på ei bestemor med ei jente på om lag 5-6 år på toppen. Dei ba om fellesbilete, noko eg ordna med glede. Flott utsikt mot majestetiske Skurvefjell på retur ned frå toppen. Tilråda tur.

Såta sett frå litt etter turstart, ved brua.
Såta sett frå litt etter turstart, ved brua.
Fin foss.
Fin foss.
Skurvefjell.
Skurvefjell.
Skogshorn.
Skogshorn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.