Blåskavlen (11.06.2023)

Geschrieben von ArilT (Aril Torheim) GSM

Startpunkt Nalfarhøgdi (1.306m)
Endpunkt Nalfarhøgdi (1.322m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 4h 21min
Entfernung 15,2km
Höhenmeter 736m
GPS
Besteigungen Blåskavlen (1.809m) 11.06.2023 11:00
Hornsnipa (1.692m) 11.06.2023 11:00

Blåskavlen


Avslutning av skisesongen med kommunetoppen i Aurland


Etter ein flott tur på Svadfjellet i Gulen dagen i forvegen fann vi ut at vi måtte utnytte søndagen i denne godvæirshelga også til det fulle. Blåskavlen på Aurlandsfjellet blei planlagt som turmål, og skia blei lagt i skistativet for sannsynligvis siste gong denne våren. Avreise fra Bergen 07:30.

Eg hadde i forkant forhøyrt meg med kollega og lokalkjent Siver om snøforholda på Aurlandsfjellet, og han meinte at det fortsatt skulle være mogleg å gå i frå "den øvste parkeringa". Undervegs på den tre timar lange bilturen opp såg det ut som det var begynt å bli veldig tynt med snø i fjella, og vi håpte at ikkje heile turen skulle bli ein bomtur.

Vi køyrde rett forbi Stegastein som krydde av turistar og vidare opp Aurlandsfjelet. Ved Nalfarhøgdi stoppa vi for å inspisere kartet for å sjå om dette kunne være "den øvste parkeringa". Eg tok ein snap og sende til Siver og spurte om det var riktig parkering. Når vi stod på toppen to timar seinare kom det svar; "Ja det er riktig parkering, men der var det jammen blitt tynt med snøv". Haha.



Heldigvis var det ikkje så tynt med snøv som det såg ut til. Det gikk greit å passere dei fleste plassar der det var avsmelta, og vi måtte kun bære skia en gong.

Turen gikk i jamn stigning innover Høgdene, rundt Blåskavlabotn. Været var nydelig og utsikta var vid. Etterkvart som vi vann høgde kunne vi sjå blant anna mot Hurrungane i nord aust, og Hardangerjøkulen i sør.



Det var bart rundt sjølve toppunktet, men sjølve varden var delvis innpakka i snøv. På toppen åt vi nista og nytte utsikta før det vart ein bonustur bort til Hornsnipa. Vi hadde egentlig ikkje planlagt tur bort dit, og vi visste heller ikkje om denne toppen på førehand. Toppen såg soppass forlokkande ut under innmarsj at vi bestemde oss for å ta turen bort.



På Hornsnipa var heile toppryggen bar, så vi måtte parkere skia nedforbi. Ryggen var fast og fin og følge oppåver. Det vart etterkvart bratt ned på vestsida, og vi kunne skimte bilvegen som slynga seg over Aurlandsfjellet mot Lærdal.

Det var DNT postkasse ved toppvarden der turgåara kunne skrive seg i. Flott utsikt var det også



Returen gjekk som ein draum. Sjølv om føret var litt tregt sa Tonje at det var perfekt for ho. Sola steikte fra nesten skyfri himmel.



Takk for turen!


Startzeitpunkt 11.06.2023 11:03
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 11.06.2023 15:24
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 4h 21min
Zeit in Bewegung 3h 29min
Pausenzeit 0h 52min
Gesamtschnitt 3,5km/h
Bewegungsschnitt 4,3km/h
Entfernung 15,2km
Höhenmeter 735m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.