Frå Bratteli kai til Liarvatnet via Liaknuten (17.09.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Aust for Kvelven (638m) 17.09.2023
Vest for Kvernavatn (618m) 17.09.2023
Liaknuten (710m) 17.09.2023
Nabbane (666m) 17.09.2023

Startar ein turen frå kaien i Bratteli, må ein ikkje verta overraska av at det blir høgdemeter utav det, og – som navnet meir enn indikerer – høgdemeter av det bratte slaget. Eg har avslutta turar der på kaien tre ganger på 90-talet, men aldri starta derifrå. Når det i tillegg var 25 år sidan sist, var det sanneleg på tide. Denne flotte søndagen i september hadde me parkert ein bil ved Liarvatnet og bestilt billettar med rutebåten frå Oanes, og me såg fram til ein spennande tur gjennom Jørpelandsheia og området lansert som Preikestolen nasjonalpark.

Etter ein flott båttur langs nordsida av fjorden som eg hadde gleda av å gå langs for bare to veker sidan, landa me på den vesle kaien. Det var fullt av passasjerar på båten, som truleg skulle til Bakken og framfor alt Flørli, men me stod aleine igjen i Bratteli. På kaien hadde det skjedd mykje sidan sist, det var kome både busskur og skilt med «Bratteli kai».

Hyvlatånnå kikkar såvidt fram høgt der oppe. Aller bakerst ser me opp Skurvedalen heilt til Hardhausen
Hyvlatånnå kikkar såvidt fram høgt der oppe. Aller bakerst ser me opp Skurvedalen heilt til Hardhausen
Stolen er sjølve diamanten i Lysefjorden, inga tvil om det, men det er mange fredelege perler ein kan ha for seg sjølv
Stolen er sjølve diamanten i Lysefjorden, inga tvil om det, men det er mange fredelege perler ein kan ha for seg sjølv
Hengjanefossen og den ytre Nibba
Hengjanefossen og den ytre Nibba

Det mest uvanlege for oss morgonfuglar var at klokka nærma seg 1130 her ved turstart, sjølvsagt fordi båten gjekk såpass seint ein søndag føremiddag. Sola steika beint fram her inne så langt utpå dagen, og etter smøring med solkrem fann me vegen oppover og forbi nedre, midtre og øvre Bratteli. Alt ved nedre tok dei som hadde kortbukser med seg, endåtil eit aldri så lite hamskifte, for det var inga tvil om at dette ville bli ein varm dag.

Bratteli ber navnet med rette! Her ved hovudbruket i nedre
Bratteli ber navnet med rette! Her ved hovudbruket i nedre
Flott dag i nedre Bratteli!
Flott dag i nedre Bratteli!
Øvre Bratteli er av enklare standard
Øvre Bratteli er av enklare standard

Planen for turen var å gå opp mot Stemvatnet og følga den greit synlege og tidvis nødla stien mot Longavatnet, vidare til topps på den lite besøkte Liaknuten og så til bilen ved Liarvatnet ein av dei fleire mulige traseane frå Ospeskardet. Eg kom motsatt veg for eit snaut år sidan i like fint vêr då eg overnatta i Hengjane, så det skulle gå greit å finna fram.

Første post på programmet var den svært karakteristiske 666-toppen like under Bratteliknuten, kalla Nabbane/ Nabane på eit gammalt kart. Toppen ser ut som ein klosse med bratte og slette sider og relativt flat topp, nettopp ein «nabbe» som me seier. Napen i Suldal kjem av det same, og Nibba/ Naganibba ligg som kjent heller ikkje langt borte.

Me tok av frå stien mot Stemvatnet eit stykke nedanfor vatnet og følgte ein grei sti i rett retning vest- og oppover mot den vesle stølen sør for 666-toppen. Ikkje rart at ein har sett opp eit krypinn her, på ein så fin og fredeleg plass! Derifrå fann me etter kvart sørryggen mot toppen og følgte denne bratt, men greit til topps etter snaut 1 ½ times gange frå kaien. Framifrå utsikt både mot fjorden og Jørpelandsheia, sjølvsagt, og det var tid for ein god mat- og kaffipause.

På toppen var det bora inn eit par små boltar, og me trur det var til ei flagstong me kunne sjå under ein stein like ved – truleg ein av hytteeigarane i Bratteli som nyttar henne ein og annan dag som er verd feiring.

Idyllisk støl ovanom Bratteli
Idyllisk støl ovanom Bratteli
Straks på 666-toppen under Bratteliknuten med praktfullt tilbakeblikk mot fjorden
Straks på 666-toppen under Bratteliknuten med praktfullt tilbakeblikk mot fjorden
Frå toppen med utsikt nordover i Jørpelandsheia. Me ser Dalavatnet nærast, så litt av Kvednavatnet og Longavatnet
Frå toppen med utsikt nordover i Jørpelandsheia. Me ser Dalavatnet nærast, så litt av Kvednavatnet og Longavatnet

Me valde å returnera same vegen som me kom, for det såg bratt og krevande ut å koma seg ned til austsida av Dalavatnet der me skulle vidare. Opp igjen tok me ein sving utom høgdedraget nærast Stemvatnet for å få ein kikk ned mot utløpet av vatnet, der det endåtil er eit lite naust. Det er dei som skal vidare over Stemvatnet og Kvednavatnet som har båtar her, sjølvsagt.

Nabbane under Bratteliknuten sett frå oppgangen i sør
Nabbane under Bratteliknuten sett frå oppgangen i sør
Mot utløpet av Stemvatnet under Steinfjellet
Mot utløpet av Stemvatnet under Steinfjellet
Frå same staden mot Stemvatnet og Kvednavatnet
Frå same staden mot Stemvatnet og Kvednavatnet

For å koma vidare nordover måtte me nedom eit bratt søkk før me kunne ta oss opp mot Dalavatnet og finna nødlinga vidare nordover, bratt opp til 620-toppen vest for Kvednavatnet. Førsteklasses utsikt herifrå óg, og mitt tredje besøk på like mange år.

Gjennom eit av fleire bratte søkk vest for Stemvatnet
Gjennom eit av fleire bratte søkk vest for Stemvatnet
Mot nordenden av Dalavatnet og ein flik av Svartavatnet. Me skal bratt opp på 620-toppen vest for Kvednavatnet, til høgre i bildet
Mot nordenden av Dalavatnet og ein flik av Svartavatnet. Me skal bratt opp på 620-toppen vest for Kvednavatnet, til høgre i bildet
Tilbakeblikk mot Dalavatnet og Nabbane under Bratteliknuten
Tilbakeblikk mot Dalavatnet og Nabbane under Bratteliknuten
Frå oppunder 620-toppen med praktfull utsikt nordover mot Longavatnet og Vardhusheia. Nærast sjåast nordenden av Kvednavatnet
Frå oppunder 620-toppen med praktfull utsikt nordover mot Longavatnet og Vardhusheia. Nærast sjåast nordenden av Kvednavatnet

Vidare følgte me stien i retning Longavatnet og drog oss etter kvart ned mot utløpet av Svartavatnet. Her fann me stien som går over til Kvelven og følgte den til topps på ryggen og aust til 640-toppen aust for Kvelven. I lia opp frå Svartavatnet støkte me opp ein orrhane som brasa opp or lyngen.

Nedanfor 620-toppen med tilnærma same utsikt nordover, der me tenker oss over Liaknuten til venstre i bildet
Nedanfor 620-toppen med tilnærma same utsikt nordover, der me tenker oss over Liaknuten til venstre i bildet
Mot Svartavatnet der me skal ned i utløpsosen til høgre. Dei dominerande toppane er Godlifjellet og Svartavassknuten
Mot Svartavatnet der me skal ned i utløpsosen til høgre. Dei dominerande toppane er Godlifjellet og Svartavassknuten
I fint driv opp frå Svartavatnet der Bratteliknuten dannar bakteppet
I fint driv opp frå Svartavatnet der Bratteliknuten dannar bakteppet
Straks på 640-toppen aust for Kvelven med utsikt mot Longavatnet, ein flik av Skivatnet og Krøys austanfor
Straks på 640-toppen aust for Kvelven med utsikt mot Longavatnet, ein flik av Skivatnet og Krøys austanfor

På 640-toppen i 16-tida var det tid for ein ny mat- og kaffipause, det vil sei i fint le like nedanfor toppen fordi det hadde kome ein sur austleg trekk. Her fekk me dagens flottaste fugleoppleving ved to kongeørner i roleg svev, ikkje eit heilt vanleg syn i Jørpelandsheia.

Pausen vart lang, men etter ¾ time på baken måtte me bryta opp og tenka på heimvegen, for i 20-tida ville det ikkje vera mykje ganglys att. Og dei som har tatt vegen om Liaknuten til Ospeskardet veit at det ikkje nettopp er lett framkomeleg terreng, tvert om er det stilaust og fleire mulige trasear.

God pause på 640-toppen. Me ser ned i Kvelven, dessutan Øyavatnet og store Nagatjødna med Krossfjellet sentralt
God pause på 640-toppen. Me ser ned i Kvelven, dessutan Øyavatnet og store Nagatjødna med Krossfjellet sentralt
Frå same staden mot Liaknuten med dei to toppunkta, der me tenker oss vidare
Frå same staden mot Liaknuten med dei to toppunkta, der me tenker oss vidare

Me fann bratt, men nokonlunde greit ned frå 640-toppen og ditto opp på det vestlege toppunktet på Liaknuten, her til flott utsikt over Holmavatnet. I denne oppgangen støkte me opp ei lirype. Vidare skunda me oss ned i skardet og opp på hovudtoppen, mitt andre besøk her. Synd at få finn vegen hit opp, for utsikten over den indre Jørpelandsheia er verkeleg førsteklasses.

På det vestlege toppunktet på Liaknuten. Me ser ned på Holmavatnet, og Heia-/ Småsilhodnet og Reinaknuten/ Ternefjell er kjenneslege
På det vestlege toppunktet på Liaknuten. Me ser ned på Holmavatnet, og Heia-/ Småsilhodnet og Reinaknuten/ Ternefjell er kjenneslege
På hovudtoppen av Liaknuten, som truleg har svært få besøk i året. Her ser me tilbake på ruta vår heilt til Nabbane under Bratteliknuten
På hovudtoppen av Liaknuten, som truleg har svært få besøk i året. Her ser me tilbake på ruta vår heilt til Nabbane under Bratteliknuten
Storfornøgd trio på Liaknuten!
Storfornøgd trio på Liaknuten!
Mot nordenden av Longavatnet og litt av Forenesvatnet. Tjødnane nærast ligg oppe på Liaknuten. Vardhusheia, Brogaheia og Krunefjell dannar bakgrunnen
Mot nordenden av Longavatnet og litt av Forenesvatnet. Tjødnane nærast ligg oppe på Liaknuten. Vardhusheia, Brogaheia og Krunefjell dannar bakgrunnen
Overblikk over Holmavatnet med litt av Forenesvatnet
Overblikk over Holmavatnet med litt av Forenesvatnet

Kl. 1730 var me nede i skardet mellom toppunkta att og tok oss bratt og småkrevande nedover mot Ospeskardet der me stod ½ time seinare. Hadde me hatt ein time eller to meir dagslys, ville me lagt returen til Liarvatnet om Forenesvatnet eller den gamle stemmen i Longavatnet, men nå ville me trenga tida sjølv kortaste veg om Holmavatnet og Grimsli.

Bratt nedstigning frå Liaknuten i skardet mellom dei to toppunkta
Bratt nedstigning frå Liaknuten i skardet mellom dei to toppunkta
Tilbakeblikk mot Liaknuten med dei to toppunkta, der det venstre er høgast
Tilbakeblikk mot Liaknuten med dei to toppunkta, der det venstre er høgast
Ovanfor Ospeskardet med praktfull utsikt mot Vardhusheia og Longavatnet
Ovanfor Ospeskardet med praktfull utsikt mot Vardhusheia og Longavatnet

Som tenkt, så gjort, og me fekk ein fin transportetappe snaut 2 timar til bilen. Det var greit ganglys på den gode stien langs Liarvatnet, men alle var glade for at me slapp å leita oss fram ute i terrenget i skumringa. Fasit for dagen vart om lag 15 km, 12-1300 hm og 8 ½ timar på tur i praktfullt seinsommarvêr i september, og med Jørpelandsheia på sitt beste!

Mot austenden av Holmavatnet og ein flik av Øyavatnet. Godlifjellet, Naganibba og Krossfjellet er kjenneslege silhuettar
Mot austenden av Holmavatnet og ein flik av Øyavatnet. Godlifjellet, Naganibba og Krossfjellet er kjenneslege silhuettar
Liaknuten sett frå nordsida av Holmavatnet
Liaknuten sett frå nordsida av Holmavatnet
På veg ned langs Tverråna med kveldssol på…Solknuten
På veg ned langs Tverråna med kveldssol på…Solknuten
Straks i Grimsli i dei siste solstrålene for kvelden
Straks i Grimsli i dei siste solstrålene for kvelden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.