Skutshorn (13.09.2023)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 34min
Distanse 7,1km
Høydemeter 728m
GPS
Bestigninger Skutshorn (1630moh) 13.09.2023 17:45
Skutshorn nord (1615moh) 13.09.2023 18:00
Andre besøkte PBE'er Sanddalen parkeringslomme (950moh) 13.09.2023 16:20
Leineåne bro (945moh) 13.09.2023 16:22

Ettermiddagstur i nabokommunen. Ein time og 15 min å køyre til Sanddalen. Fin dal, bratte og ville fjell omkring. Turen tok til frå inngjerda parkeringsplass. God sti, merkte stolpar og vardar viste veg. Svært bratt opp flanken her. Nokre hyller med laus vegetasjon, som krevde varsemd. Elles greitt å gå. Over ei ur nokre hundre meter oppi, før det vart vegetert att. So møter ein ura omsider, men den var grei. Heldt litt under det brattaste. Plutseleg viste det seg at eg sikta meg på feil topp, og måtte korrigere litt. Ja-ja, 3 min ekstra trim. Svært fint å gå då det flata ut. Kjapt bort til toppen når ein fyrst var komme oppå fjellet. Valde å ikkje gå bort på utsiktspunktet. Skal opp ei annan gong med bedre tid til fotografering. Nydeleg utsikt fekk eg no likevel. Om eg ikkje såg ned til Vang, så såg eg vakre rekka med Jotunheimen sine toppar. Fin turdag og god trim.

Brattaste partiet unnagjort.
Brattaste partiet unnagjort.
Toppen.
Toppen.
Varden og austover.
Varden og austover.
Kraftig fjell Vennis.
Kraftig fjell Vennis.
Jotunheimens toppar.
Jotunheimens toppar.
Jotunheimen tindar, ved fleire av dei.
Jotunheimen tindar, ved fleire av dei.
Fjellplatået eg var på.
Fjellplatået eg var på.
Stølen Sanddalen. På veg nedatt.
Stølen Sanddalen. På veg nedatt.
Mot leia nedatt.
Mot leia nedatt.
Stølen.
Stølen.
Sti opp på høgre sida av elva. Passerer elva i bratta ein stad.
Sti opp på høgre sida av elva. Passerer elva i bratta ein stad.
Mot Skutshorn frå parkeringa.
Mot Skutshorn frå parkeringa.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.