Lærdalsfjell (09.09.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 05min
Distance 23.1km
Vertical meters 1,228m
GPS
Ascents Store Liahovden (1,763m) 09.09.2023 10:46
Vetle Liahovden (1,665m) 09.09.2023 12:15
Fossanosi vest (1,597m) 09.09.2023 13:10
Fossanosi (1,611m) 09.09.2023 13:29
Grånosi (1,601m) 09.09.2023 14:07
Rikheimkvelvnosi (1,581m) 09.09.2023 14:55

Endeleg vart denne turen realitet. Planlagt både i fjor og i år, men har regna bort fleire gonger. Det er ikkje så lang periode anleggsvegen er open heller, og slik tur fortener godt ver. Var tidleg oppe til meg å vere, og 9:15 luffa eg over demningen ved Kvevatnet. I del av terrenget her har eg kun gått ei gong, med Lærdal turlag til Østerbø i Aurland i 2007. Då gikk vi litt feil også. Men på grunn av det, så har eg gått langs Liahovdvatnet ei gong. Når eg såg alle ryggar på tvers mot Store Liahovden, følgde eg rådet min kjære far gav meg stadig når vi var på tur. Gå heller litt lenger for å komme opp på fjellryggen, og styr unna flener. Det lønte seg i dag. Stod på toppen av Store Liahovden 1:32 etter avgang. Følgde ryggen vidare, og sikta meg på eit lite skar. Plutseleg vart det veldig «skrentete» og vanskeleg ved eit elvefar. Eg kom då greitt ned. Kunne med fordel holdt ryggen heilt ut. Greit og fint opp på Vesle Liahovden. Heldt på å gløyme bortom toppunktet, som ikkje er ved varden. Hadde byrja gå, og måtte snu etter 200 meter. Nydeleg utsikt ved og på desse toppane. Alltid fint når ein følgjer fjellryggen ned frå toppane. No var det inn i heilt nytt terreng for meg, ned frå toppen og mot Hilmsvatnet. Nydeleg fint å gå heile vegen frå Vetle Liahovden mot Fossanosi. Tok med vest-toppen og. No var det å gå i retning tilbake mot utgangspunktet. Gikk rask over til Grånosi. Heldt på venstre sida ned frå denne toppen, noko som var lurt. No går ein inn i meir komplekst terreng att, tett på foten av Store Liahovden. Følgde rygg så godt som mogeleg, og fekk lyst å ta med Rikheimkvelvnosi også, noko eg ikkje angra på. Det var veldig fint å gå frå denne toppen og ryggen mot Kvevatnet. Fin utsikt ned Hermundsbotn i retning Øydalen også, frå denne siste toppen på dagens runde i Lærdalsfjell. Kan legge til at Liahovd-toppane deler vi med Aurland. Ein aldelses nydeleg dag i fjellet. Det var greitt å finne fram, sjølv om eg ikkje hadde gått i det meste av terrenget eg besøkte i dag. Kjende også litt på at dette var reinsjakt-terrenget til far min, ivrig reinsjeger som han var. Svært stilt i fjellet når det ikkje er rein her. Ei einsleg ørn, og ein Aurlands-sau var vel behaldinga på runden.

Mot Store Liahovden.
Mot Store Liahovden.
Varden på Store Liahovden.
Varden på Store Liahovden.
Stormelane. Blåskavlen frå uvand kant.
Stormelane. Blåskavlen frå uvand kant.
Grånosi. Siste toppen, enno ikkje bestegen, medan på veg mot topp 2.
Grånosi. Siste toppen, enno ikkje bestegen, medan på veg mot topp 2.
Varden på Vetle Liahovden.
Varden på Vetle Liahovden.
Stora Hånosi. Nydeleg fjell.
Stora Hånosi. Nydeleg fjell.
Store Liahovden sett frå Vetle Liahovden.
Store Liahovden sett frå Vetle Liahovden.

Hilmsbu.
Hilmsbu.
Fossanosi.
Fossanosi.
Bubottvatnet.
Bubottvatnet.
Mot Grånosi, neste topp.
Mot Grånosi, neste topp.
Store Liahovden sett frå Grånosi.
Store Liahovden sett frå Grånosi.
Tilbake mot Vetle Liahovden. Sett frå Grånosi.
Tilbake mot Vetle Liahovden. Sett frå Grånosi.
Sjålfi med vind i haoret.
Sjålfi med vind i haoret.
Tilbake mot Grånosi.
Tilbake mot Grånosi.
Rikheimkvelvnosi. Måtte ha med denne fine, sjølv om nåla var grøn.
Rikheimkvelvnosi. Måtte ha med denne fine, sjølv om nåla var grøn.
Frå Rikheimkvelvnosi.
Frå Rikheimkvelvnosi.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.