Liafjellet (23.08.2023)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besuche anderer PBE | Liafjellet utsiktspunkt (405m) | 23.08.2023 |
---|
Ja, eg føl folk på Instagram og ja, eg vert litt inspirert.
Det er lange arbeidsdagar no når det er skulestart og valkamp. Det betyr at det ikkje alltid er like mykje tid til lange fine ettermiddagsturar.
Etter å ha sett fleire som har lagt ut bilder av utsiktspunktet på Liafjellet, så fann eg ut at dette var ein passande tur etter ein litt lang arbeidsdag. Tok med ei turvenninne sidan ho også har vurdert denne turen. Litt knoting, men fann til slutt ruta opp. Det er tydeleg at det har regna ein del i det siste sidan stien var i overkant våt. Heilt grei tur og veldig god betaling for relativt lite innsats i form av flott utsikt. Kjem nok til å ta fleire turar opp hit. Fekk tilbud av ein forhandlar, som hadde litt fine t-skjorter, som er akkurat etter mitt hjarte, med teksten "hike more - worry less" og det stemmer jo heilt perfekt etter mitt syn.
Benutzerkommentare