Berdalen og Høganos (31.08.2023)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 52min
Entfernung 15,2km
Höhenmeter 1.502m
GPS
Besteigungen Høganos (1.520m) 31.08.2023 17:16

Litt avspassering etter møtedag på jobben, gav plass til litt fysisk fostring. Høganos har eg besøkt nokre gonger. Det er ein fin men strevsam tur, når ein skal opp over 1500 høgdemeter. Men delt i tre etappar, er det noko meir overkomeleg. Fyrst Lusahus. Tok att tre jegrar ca. 15 min etter start. Per Hjermann og følgje skulle opp på Lusahus og jakte frå i morgon. Nådde Lusahus på 51 min. Vidare opp, og ved Fureskogen er det kome opp skilt «Naturreservat». Berdalen har no høg vernestatus. Men skiltet «Truger påbudt» er ikkje teke ned. Nådde stølen Berdalen etter 1:41. No er det fint inn Berdalen. Eg held meg på stien så langt det går. Då får eg 120 brutale høgdemeter. Eit alternativ er halde litt meir til høgre, og slik jamne ut stigninga. Det er litt lenger. Fint å gå på delvis grasbakkar og stein opp mot store varden. Toppa på 2:42 gange, men brukte ca. 5 min lengre tid, då eg sette meg ned for to sjever. Utsikta her oppe er fantastisk. I dag såg ein langt, og fleire kjende toppar, fjellparti og brear synte seg. På returen prata eg litt med jægrane ved Lusa. Dei storkosa seg på terrassen. 1:45 effektiv tid på retur.

Lusahus
Lusahus
Berdalsstølen.
Berdalsstølen.
Berdalen
Berdalen
Nordnosi. Stora Hånosi 1836, høgste midt i bilete.
Nordnosi. Stora Hånosi 1836, høgste midt i bilete.
Varden på Høganos. Årdal turlag har postkasse for toppturtrim 22-24.
Varden på Høganos. Årdal turlag har postkasse for toppturtrim 22-24.
Hurrungane.
Hurrungane.
Ned Berdalen.
Ned Berdalen.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Berdalen

    Geschrieben von PeakFloyd 31.08.2023 22:56

    Vakre furuskogen i Berdalen, heldig du Einar.

    • -
      avatar

      Sv: Berdalen

      Geschrieben von Esone 31.08.2023 23:09

      Nydeleg å gå der ja. Og Kvitingsmorki ikkje langt i frå, der eg var i førre veke. Naturreservat begge. Og på kvar si side av Høganos. Tok ikkje bilder av skogen da.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.