Hovsnebba og Tussdalsnebba (19.08.2023)
Written by simenee (Simen Einmo Engdal)
Ascents | Hovsnebba (1,554m) | 19.08.2023 |
---|---|---|
Hovsnebba V1 (1,533m) | 19.08.2023 | |
Hovsnebba V2 (1,508m) | 19.08.2023 | |
Hovsnebba V3 (1,484m) | 19.08.2023 | |
Tussdalsnebba (1,246m) | 19.08.2023 | |
Visits of other PBEs | Regnbua (698m) | 19.08.2023 |
Sandvikelva bro (215m) | 19.08.2023 |
Fekk utnytta ein sjeldan solskinnsdag på beste vis med tur i Sunndalsfjella. Tredje besøk til Hovsnebba og første besøk på Tussdalsnebba. Tidvis vindfullt, men ellers upåklageleg.
Frå toppen av Tussdalsnebba bar det ned i Sandvikdalen langs overraskande lettgått terreng. Stien frå Regnbua var forholdsvis grei å finne, og var overraskande bra i starten, men forsvann etter kvart under høy vegetasjon under høgspentledningane. Dermed endte vi opp for langt ned i lia før vi innsåg at vi måtte nokre hundre meter opp att for å finne brua vi skulle krysse. Når det først var gjort var resten av nedturen grei, men eg kan ikkje anbefale Sandvikdalen som ferdselsåre for nokon. Det blei også plokka av 25 flått seinare på kvelden. Det til tross, ein flott runde i alltid like mektige Sunndalsfjell!
Transporten mellom Hovsnebba og Tussdalsnebba er rett så fin; spektakulær og stadig skiftande utsikt med Vinnufjella, Sunndalsfjorden og toppen av Hovsnebba frå mange ulike vinklar. Litt ned frå sjølve ryggen på veg mot Hovsnebba V3, ellers stort sett midt på heile vegen. Løs mose på veg ned på mot det lavaste punktet mellom Hovsnebba V3 og Tussdalsnebba, men ellers lettgått terreng. Tussdalsnebba viste seg å by på framifrå utsikt!
User comments