Besshøe (19.05.2023)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Start point Bessheim (966m)
Endpoint Bessheim (960m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 7h 28min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,429m
GPS
Ascents Besshøe (2,258m) 19.05.2023 09:45

Besshøe

Tur til Besshøe i 17. mai langhelga.


Etter å ha feira 17. mai i lavlandet på grunn av litt surt vær var det på tide å komme seg ein tur til fjells. Etter eit lite ladestopp på Lom ankom vi Bessheim i halv 10 draget i nydelig vårsol. Vi måtte ikkje bære skia langt frå hytteveggane på Bessheim før vi fant snøflekkar vi kunne spenne på oss skia på, men det var nok ikkje mange dagane igjen med skiføre opp lia her denne sesongen.



Det gikk radig opp til Bessvatnet kor vi kunne skimte dagens mål. Det var knapt ei sky på himmelen, men dette endra seg raskt. Tåka kom etterkvart sigande over frå Gjendealpane og la seg som en hatt rundt toppen. Typisk.



Vi valgte å følge langs Bessvatnet mot toppen, og skråa etterkvart oppåver mot Brue. Det var en litt langdryg marsj langs vatnet, men med flott utsikt var den plutseleg unnagjort. Det var noko skrått terreng å gå i når vi skråa opp frå vatnet. Skia glapp av og til taket i den blaute snøven, men det gjekk greit. Skal eg gå turen igjen kjem eg nok derimot til å gå på andre sida av denne ryggen, da det der vert ei meir jevn stigning innover Bessfjellet.



Opp Brue vart sikta etterkvart dårlegare, men vi klarte å komme oss opp på topplatået før det verkeleg tjukna til. Her ifra gjekk vi på GPS kurs mot toppen, og etter nokon hundre meter med tåkevandring sto vi ved toppvarden.



På returen var vi glad vi hadde GPS spor å følge. Det er høge stup ned mot Besshøebrean så vi rende forsiktig langs skispora våre, og bekrefta med GPS sporet at vi var på riktig kurs. Ved Brua kom vi ut av tåka og vi kunne senke skulderane litt.

Vi la noken svinga ned Besshøebrean før vi fortsatte ut Bessfjellet. Snøen var ganske god høgt oppe, men vart gradvis meir råten til lengre ned vi kom.



Besshøe hadde fortsatt tåkehatten på seg i det vi tok ein siste kik tilbake mot han før vi satte utfor dei siste bakkane ned mot Bessheim. Her hadde snøsmeltinga verkeleg tatt til utover dagen og det rant no strie bekkar utfrå snøflekkane.



Dagen vart avslutta med ein stopp ved Riddersprange før vi vendte nasa mot Hornindal.

Takk for turen!


Start date 19.05.2023 09:46
(UTC+01:00 DST)
End date 19.05.2023 17:14
(UTC+01:00 DST)
Total Time 7h 28min
Moving Time 5h 25min
Stopped Time 2h 02min
Overall Average 2.9km/h
Moving Average 4.0km/h
Distance 22.0km
Vertical meters 1,429m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.