Storskredfjellet (17.08.2023)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startsted Åning (236moh)
Distanse 11,7km
Høydemeter 1584m
GPS
Bestigninger Storskredfjellet (1814moh) 17.08.2023 18:39
Andre besøkte PBE'er Åning p-plass (260moh) 17.08.2023 18:39

Endelig dagen for storskredfjellet. Tok av oppover mot Åning og vart overradska over ei heil bygd opp i bakkane. Parkerte ved det gamle murhuset ved veis ende. Hadde lest om parkering 40kr, men lurte litt på om det eigentlig budde nokon her. Men høyrde så vidt TVen stå på inne. Ringte på, og ut vindauget kom Jon Åning. Han slo av ein prat, og set pris på om ein ringer på og spør om parkering så han har litt oversikt.

Sjølv med grundig rettleiing frå Jon om stien så mista eg denne raskt, og enda i litt bratt bushing. Men eg fann den att lenger oppe, og herifrå var det lett å finne vegen vidare. Opp ryggen ved breen var det merka og veldig kurant. Deretter grei skuring heilt opp. Eg er litt usikker på om raudnåla står på rett plass, for det ser jo veldig ut som nordpynten er høgst. Men altså, kunne jo målt med GPSen - men det kom eg ikkje på.

Sat ei stund og såg på utsikta både hit og dit før det gjekk radig ned bakkane att - berre avbrote av ei solid moltetue.

Tilbake på tunet vart det ein ny prat med Jon. Han hadde mykje å fortelje om fjellet, og kunne hadde gått storskredfjellet tur-retur på 3 timar back in the days. Rimelig solid.

Her gjekk eg vidare rett fram. Det er feil. Følg pila
Her gjekk eg vidare rett fram. Det er feil. Følg pila
Strynevatnet mot Hjelle
Strynevatnet mot Hjelle
Utsikt mot søraust frå toppen.
Utsikt mot søraust frå toppen.
Mot Hjelle og strynefjellet
Mot Hjelle og strynefjellet
Starttidspunkt 17.08.2023 10:12
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 17.08.2023 15:28
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 5t 16min
Bevegelsestid 4t 07min
Pausetid 1t 08min
Snittfart totalt 2,2km/t
Snittfart bevegelsestid 2,8km/t
Distanse 11,7km
Høydemeter 1583m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.