Fivlenosi (11.08.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 09min
Distance 13.5km
Vertical meters 1,284m
GPS
Ascents Fivlenosi (1,466m) 11.08.2023 16:14
Visits of other PBEs Fivla (970m) 11.08.2023 14:58

Siste ferieveka regna bort. Men i dag endeleg, opna det att for topptur. Var spent på kor blautt det var, og svaret for denne ruta var ja. Så kvifor gå opp frå Kilen og ikkje parkeringa under Vigdalsstøl ? Av den årsak at min oldefar heitte Kilen, arbeida i steinbrot, og kom frå denne garden med bratte fjellsider, heilt inst i smale Dalsdalen. Han var født i 1884 og budde i Tubbene då eg helste på han som 7-åring. Elles veit eg alt for lite om historia. Der vegen endar, står ei stor flott tavle om ulike ruter, og noko kulturhistorie. Stien er ein del av rutenettet til DNT og går m.a. til hytta Fast. Eg skulle via Fivla, Luster tutlag si DNT-hytte, og til toppen over den hytta. Fin sti opp mot Kilali. Enkelte parti steinsett som trepper. Mykje vegetasjon langs stien. Frå Kilali vurderte eg rutevalet. Direkte merka Fivla, eller vidare inn dalen ? Gikk for den fyrste. Det var både blautt, tett, bratt og strevsamt i ca. 350 høgdemeter. Men godt merka. Etter 1:35 stod eg ved Fivla. Litt mat her. Heldt fram på ruta i retning Navarsete. Hadde tenkt og følgje den knapt to km, men ombestemte meg, og gikk for ei meir direkte rute opp flanken. Stort sett fint med parti av brattare opptak. Noko flatere og steppeliknande område mellom 1300 og 1400 moh. Møtte sauer her. Markert topp og stein til sist, sjølv om toppunktet er flatt. Gikk litt ned på kanten her. Nokon styrtningar, men som er kraftigare ut mot nord. Flott utsikt i alle retningar, sjølv om skylaget skjulte noko av djupna, og toppen på dei høgaste tindane. Retur ned att til Fivla mykje likt som opp. Frå Fivla valde eg den snillare lengre ruta for variasjon sin del. Det freista heller ikkje med ruta eg tok opp, sidan det var så blautt i terrenget. Finfin og noko strevsam tur i dag.

Kilali
Kilali
Fivla og Fivlenosi.
Fivla og Fivlenosi.
Toppen og mot Spørteggbreen.
Toppen og mot Spørteggbreen.
Litt av flanken ned frå toppen.
Litt av flanken ned frå toppen.
Retning Vigdalsstølen og Vangsen bak i tåka.
Retning Vigdalsstølen og Vangsen bak i tåka.
Luster turlag si DNT-hytte, Fivla.
Luster turlag si DNT-hytte, Fivla.
Fivlenosi sett frå retur.
Fivlenosi sett frå retur.
Snart nedatt I Kilen. Fine steintrepper.
Snart nedatt I Kilen. Fine steintrepper.
Kilen. Fremste garden i Dalsdalen. Her kjem nokon av mine forfedrar frå.
Kilen. Fremste garden i Dalsdalen. Her kjem nokon av mine forfedrar frå.
Fin bru av naturstein.
Fin bru av naturstein.
Tavla ved turstart. Ruta her går m.a. til Fast.
Tavla ved turstart. Ruta her går m.a. til Fast.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.