Vardetur (06.08.2023)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Undertun (22m)
Endpoint Undertun (22m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 13min
Distance 11.4km
Vertical meters 598m
GPS
Ascents Flolifjellet (409m) 06.08.2023
Heia (510m) 06.08.2023
Ormekletten (527m) 06.08.2023
Svabergfjellet (546m) 06.08.2023

Denne turen har eg sett på lenge ettersom eg har vore ein del i området utan å ta turen. Parkerte bilen rett ved eit busstopp og rett ved sto skiltet om vardetur. Fulgte ruta som står på ut.no. Denne gjekk blandt anna opp ein sti, som var litt bratt, men overkommelig. Fulgte vidare merka rute mot Flogefjellet og Flolifjellet. Denne gjekk oppover lia. Greitt å gå, men litt smal sti enkelte stader. Hadde det ikkje vore skog nedafor, så hadde det nok kjentes litt luftig.
Kom opp på høgda og hadde fin utsikt blandt anna mot Eivindvik. Der var det ein varde og eit skilt om Flolifjellet og litt om historia til Gulatinget. Hadde ein liten matrast før eg gjekk vidare mot Flolifjellet, der var ingen varde. Fulgte ruta litt nedover mot lia før den gjekk opp til Svabergfjellet. På Svabergfjellet var det sett opp skilt for å vise retning, men det skiltet har nok snudd seg noko. Gjekk vidare til Heia og så til Ormekletten og fulgte ryggen ned til siste varden.
Frå varden gjekk eg litt tilbake og ned lia langs stien. Fulgte traktorvegen ned det siste stykket til Undertun. Flott tur med mykje utsikt.

Beskrivelse av turen ved stistart
Beskrivelse av turen ved stistart
På veg
På veg
Eivindvik
Eivindvik
Tydeleg sti. utsikt mot Svabergfjellet
Tydeleg sti. utsikt mot Svabergfjellet
På veg opp mot Flolifjellet. Stien gjekk langs fjellsida. Bratt ned.
På veg opp mot Flolifjellet. Stien gjekk langs fjellsida. Bratt ned.
Eivindvik
Eivindvik
Varden på Flogefjellet.
Varden på Flogefjellet.
Utsikt mot Floli
Utsikt mot Floli
Ruta opp mot Svabergfjellet
Ruta opp mot Svabergfjellet
Utsikt mot Eidsfjorden
Utsikt mot Eidsfjorden
Utsikt mot havet frå Svabergfjellet
Utsikt mot havet frå Svabergfjellet
Mot Brosviksåta
Mot Brosviksåta
Utsikt mot Leversundbrua
Utsikt mot Leversundbrua
Mot Eivindvik
Mot Eivindvik
Varden nedenfor Ormekletten
Varden nedenfor Ormekletten
Utsikt frå varden ned forbi Ormekletten
Utsikt frå varden ned forbi Ormekletten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.