Ternefjell og Reinaknuten frå Liarvatnet (01.08.2023)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Vestre Reinaknuten (787moh) 01.08.2023
Ternefjellet (772moh) 01.08.2023

5 timars perletur med Solveig denne flotte sommardagen. Turen til desse to toppane går vanlegvis frå Bjørheimsheia, men desto meir fredeleg frå Liarvatnet via Terneskardet. Slik det har blitt etter Ryfast, kan ein ikkje rekna med å vera aleine på Reinaknuten ein slik finversdag.

Me brukte 1 ¼ time til Ternefjell på god sti, og tok oss ein god strekk med inntak av velfortent mat og drikke mens me beundra utsikten. Sidan me ville få med oss Reinaknutgjuvet, gjekk me stilaust ned til Reinaknuttjødnane utan å gå oppom Terneheia. I gjuvet mellom Vestre og Austre knuten var det som alltid framifrå utsikt og magesug.

Flott tilbakeblikk frå Ternebrekka mot Dalen
Flott tilbakeblikk frå Ternebrekka mot Dalen
Mot Tibergfjell og Longabergdalen
Mot Tibergfjell og Longabergdalen
Frå varden på Ternefjell mot Tibergfjell og Longabergdalen
Frå varden på Ternefjell mot Tibergfjell og Longabergdalen
Mot tjødna på Terneheia og indre Jørpelandsheia med bl.a. Forenesvatnet og Vardhusheia sentralt
Mot tjødna på Terneheia og indre Jørpelandsheia med bl.a. Forenesvatnet og Vardhusheia sentralt
Nedstigning frå Ternefjell mot Reinaknuttjødnane og knuten sjølv
Nedstigning frå Ternefjell mot Reinaknuttjødnane og knuten sjølv
På stupkanten mot Tysdalsvatnet med Tjelmavatnet kjennesleg på andre sida
På stupkanten mot Tysdalsvatnet med Tjelmavatnet kjennesleg på andre sida
Magesug i sjølve Reinaknutgjuvet
Magesug i sjølve Reinaknutgjuvet

På Vestre knuten 2 ¾ timar etter turstart var me som venta ikkje aleine, men me fann oss ei fredeleg hylle litt nedanfor varden. Ikkje rart folk vil hit opp, for utsikten er verkeleg førsteklasses. Etter ein ny pause her følgte me stien ned frå toppen og vidare ned i Longabergdalen via skardet med grov blokkurd. Her tok me oss tid til eit avkjølande bad i Longabergvatnet før me returnerte til bilen via Terneskardet.

På stortoppen med førsteklasses utsikt vestover mot Tau
På stortoppen med førsteklasses utsikt vestover mot Tau
I skardet på veg ned i Longabergdalen
I skardet på veg ned i Longabergdalen
I fredelege Longabergdalen. Både romen og røsslyngen blømer vakkert
I fredelege Longabergdalen. Både romen og røsslyngen blømer vakkert

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.