Naustdal/Førde: Svorstølsheia og Sandfjellet S&Fj nr 400 (21.02.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Svorstøl (400m)
Endpoint Svorstøl (400m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,350m
Map
Ascents Sandfjellet (1,249m) 21.02.2013
Svorstølsheia (982m) 21.02.2013

Planen for dagen var litt uklar, men bestemte meg for å kjøyre til Fimland i Naustdal kommune. Parkerte på Svorstøl ca 400 moh. Drog godt på autover ca 2,5 km og 600 høgdemeter til Svorstølsheia. Pause og grublestund her, kva no? Vidare mot Skruklefjellet såg uaktuelt ut, skylaget låg godt ned på toppane. Irriterande, kroppen var klar for ein meir potensvekkande tur. Reiv av fellene og kjøyrde i lekker snø ned 3-400 høgdemeter. Plutseleg var Sandfjellet klart for skyer. Svinga austover og inn Gardadalen, kryssa elva i ca 500 meters høgde. På med feller og 750 nye høgdemeter opp til Sandfjellet. Lette skyer på toppen, den store utsikta uteblei. Kanon nedkjøyring til Gardadalen. Sklei på skogsvegen tilbake til Svorstøl på legendarisk gjennomslagsskare. Godt det ikkje var slik lenger oppe. Ein god dag i Naustdal!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.