Greinbreen - Lustrafjell - Breheimen - Skjåk (31.07.2023)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Vest for Gluggevardholet (1,709m) | 31.07.2023 15:28 |
---|---|---|
Greinbreen (1,849m) | 31.07.2023 15:28 |
Ymse meldinger! Men, det var meldt solglytt imellom regnbygene! Det tåler ein vestlending godt :) Forventinger om utsikt på toppane er alltid litt spenning med! Og det blir erstatta med stor lykke når den trolske skodda opner opp for sikt i eit så storslått naturområde. Nasjonalpark beveger ein seg også i. Fotomessigt får ein mange nydelige naturbilder under så vekslande forhold. Temperaturen kunne kanskje ha vore litt betre, når tempoet ikkje er av det høgste når ein beveger seg store deler av turen i våt steinur. Men, det er ein bagatell! Turen var fin og vi snakka med mange turfolk iforbifarten på Sprongdalshytta. Dei skulle overnatte der og nokre skulle vidare til Arentzbu. Turplanen for neste dag var derfor veldig spennande etter verforholda!
User comments