Olina på lundavarden (31.07.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Map
Visits of other PBEs Lundavarden varde (736m) 31.07.2023 20:26
Orheimsbotnen (428m) 31.07.2023 20:26

Livet er fullt av store og viktige overgangar. Barnet tar sine første steg, lærer å snakke, ungdommen får sin første kjæreste, flyttar heimanfrå, går sin første 7A. Dei vaksne klarer ikkje lenger å perse i klatring ved ny sesong. Dei gamle legg inn årene. Alle er hendingar som markerer viktige vasskiljer i livet.

Lundavarden er ei slik hending. Når ein klarer å fote seg på lundavarden aleine er ein eit menneske som kan flytte seg over rimelig avstand for eigen maskin. Det er stort - ikkje minst for dei vaksne.

I dag var dagen då Olina skulle innlemmast i rekkene av autonome personar. Heile familyen gikk med godt mot frå parkeringa, der målet var toppen, samt å plukke molter. Det fikk vi gjort i rikt monn. Eg og Eskil plukka, medan Mari og Olina gikk taktfast mot varden. Vi møttest på toppen, der det vart utdelt høvelig belønning, og eg prøvde å lære Olina litt om kva toppar vi no såg.

Returen gikk via noko utilgjengelig molteterreng, noko små ungar sjølvsagt ikkje har noko problemer med om dei berre får trena litt på det. Om kvelden tenkte vi jenta skulle vere utslitt, men etter ein så intenst transformerande opplevelse var det eit svare strev å få den hyperaktiverte ferske tindebestigaren i seng.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.