Dagens tredje: Kartmyrknuten (30.07.2023)  2

Geschrieben von bakken59 GSM

Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 1h 13min
Entfernung 2,0km
Höhenmeter 117m
GPS
Besteigungen Kartmyrknuten (184m) 30.07.2023

Mykje tullete vegval. Busha rett opp der vi skulle ha følgt stig, stor kløft mellom dei to toppane, og kom dessverre opp på den vestre. Fann til slutt ein veg ned frå første topp og opp på neste. Der var det ein fantastisk utsikt frå eit stop som opna seg mot havet. Vi såg Stråholmen og Jomfruland. Sjølve toppen var ein bolt i fjellet utan utsikt. Nedturen blei kavete. Valde å hå i kløfta, det burde vi ikkje gjort. Kom ned på stigen vi hadde forlate for tidleg opp. Denne gongen følgde vi den for lenge, og greidde å gå oss litt vill mellom tjønna og vegen! Letta då vi til slutt braste ut av buskene på vegen. Benjamin børsta av meg tre flått, fann fire nye etter saltvannsbadet heime på hytta. Vi bad vel om det. 1,95 km, 1 t og 13, 117 hm.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.