Bohuslän (30.07.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Galgeberget (50m) 30.07.2023 12:08
Hyggen vest (120m) 30.07.2023 12:08
Kleven (5m) 30.07.2023 12:08
Rågårdsdal (50m) 30.07.2023 12:08
Välseröd (100m) 30.07.2023 12:08

Endelig Bohus! Vi var tre familiar som hadde leigd eit stort hus ved Kungshamn for ei veke med bading, tur, kos og klatring. Litt vind og kjølig vær sette bremsene på badinga, men mykje kos vart det!

Sidan dette er ein turblågg er fokuset naturlig nok på den delen av turen som handla om sjølvrealiseringa til den delen av turfølget som hadde med enorme mengder klatrestæsj over grensa. Men dette var berre ein del av ein ferie prega av minigolf, strandkrabbefiske, macka, mys, ordning och reda.

Etter ein smæsjing tur til Indian Creek i haust, der eg nærast følte eg kunne flyge tilbake over atlantaren for eigen maskin, hadde eg visse forventningar om kva eg skulle utrette i Bohus. Eg skulle raskt få kontakt med landjorda igjen – bokstavlig talt.

Første kvelden tok dei tre ivrigaste, Øyvind og Bjørn Ole (tilfeldigvis dei tre familiefedrene?¿) ein tur til Hollenderberget der vi gjekk En pärla i Smøgen (6-) og Hoppande norrman (5-). Eg prøvde også kjekt på ein 7-, men det vart stopp og needklatring.

Neste klatredag gikk turen til Galgeberget, der vi starta med Galgen (6-), noko som gav meg intet mindre enn 2 ledfall. Vel vel, kven bryr seg om slikt. Vi gikk vidare til Bagatell, der eg måtte ta ein catch grunna lengderestriksjonar, noko som gjorde at eg stappa ein kam i neste handtak, og måtte henge. Superdupert utbytte av den dagen. Det byrja å ane meg at det ikkje hadde så mykje føre seg å prøve Masken.

På veg heim stakk eg for å sjå om Häller kunne egne seg til familieklatring. Det egna seg ikkje. Rutene var mørke og skumle og forsvann opp i ingenting. Dagen etter vart det derimot ein fin famileklatredag på Galgeberget, der både små og store kom seg i veggen.

Onsdag skulle vi prøve oss på Valserød. Mari ville gjerne friske opp skillsa, og vi skulle difor klatre ein totaulender. Det viste seg derimot å vere lenge sidan ho hadde hatt halvtau i henda, og ein litt ækkel travers var ikkje superduper oppfriskingsrute. Vi skrinla difor heile date-klatringa. Deretter forsøkte eg å kome meg opp Sesam (5+) der eg klatra feil rundt ei rimelig sketchy blokk, og baila.

Torsdag fekk Mari seg ein bra session på Kleven med Øyvind og Bjørn Ole, så tok eg og Bjørn Ole ein tur på kvelden. Litt lei av å rote rundt i uoversiktlige crag gikk vi tilbake til Galgebereget. Her gikk vi Skyggediederet (6), Tilfellet (5+ og veldig morsom!) og Barnleken (6- med eit nydelig toppdieder – sjå bilete).

Fredag var vi på Rågårdsdal, der kidsa fikk kjørt seg. Både Olina og Eskil kom seg opp Pigger (4) og byrjar å få taket på uteklatringa.

Siste dagen var eg og Øyvind tilbake på Hollenderberget, der eg klora meg opp Manetkyrkegården (6, urgh...), og vi topptaua på VM-brons (7-), som var veldig kul, men litt stivare enn vi makta å mobilisere for nett då. Det vart bading i staden, på denne første varme dagen i heile sverigeferien.

På veg heim stoppa vi for nokon dagar med familie på Hurum, så då måtte vi jo innom den fine klatringa på Hyggen Vest. Det er jo nesten Bohus, så slenger den med her den også. Hengte opp topptau, og både kidsa og ungdommen kosa seg. Flott felt med masse kremlinjer!

Summa summarum hadde den enorme mojoen min frå Indian Creek fått seg ei realitetsorientering, og det er berre å innsjå at eg må repetere granittskillsa mine litt. Bortsett frå det synes eg det var litt vanskelig å få oversikt over Bohus, og fleire av områda verka litt rotete. Men slik er det vel ofte første gong på eit stort klatreområdet.

Eg har derimot ikkje gitt opp å gå Masken ein gong. Og Torsketaket. Og Tor-line. Neste gong kanskje.

Helleristningar!
Helleristningar!
Galgeberget
Galgeberget
Øyvind på Galgen - Bole sikrar
Øyvind på Galgen - Bole sikrar
sånn som i boka
sånn som i boka
Mari på Kleven
Mari på Kleven
Toppen av Barnleken
Toppen av Barnleken
Eskil og Larvid
Eskil og Larvid
Øyvind på Hollenderberget etter desping på VM-brons
Øyvind på Hollenderberget etter desping på VM-brons

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.