Oddevassheia (27.07.2023)

Written by olgamariet (Olga Marie Torsvik) GSM

Map
Ascents Oddevassheia (966m) 27.07.2023

Egentlig var planen å gå både Oddevassheia og Veneheia i ein omgang, men puslespelet med unger som IKKJE er interesserte i kommunetopper gjekk ikkje opp. Sååå då vart det Oddevassheia i dag, og Venehei ved neste anledning :)

Me kjørte til Knaben onsdag kveld, lokaliserte turstart, men bestemte oss for å sette opp telt nede på Sanden. Mens Kjetil gjorde det, så gjekk eg øve elva og plukka litt molter. Mums :D

Torsdag morgen våkna me tidlig av at sola kom. Opp og hopp, primuskaffi og toast og pakke sekken.
Kjørte opp til gruvebygningene og parkerte, og begynte å gå. Fin start på en liten egg med god utsikt øve Knabenområdet.
Kom nokså kjapt til ei elv, og den var stri! Stor mengder vatn og liten hensikt å prøve å komme seg tørrskodd øve. Til og med for djup og stri til at bikkja fekk passere aleine. Ho var litt slukøra men veldig mye tryggere når eg bar henne.

Opp til anleggsvegen, og der var det jammen andre tobeinte som skulle på tur, men ingen samme veg som oss. Så me tusla oss i ensom harmoni mot turmålet.
Været var nokså fint, litt sånn sol og singlet, der kom det ei sky så få på genseren, sol og singlet igjen. Ekte norsk sommer.

Varden på toppen var meget flott! Og utsikten likeså. Leste at vi nå var i det sørligste landskapsvernområdet for villreinen, noe landskapet egentlig bevitnet. Grønn vidde, flotte vatn og svabergaktige fjell som var lette å gå på. Mye sauer i området, så hundene måtte pent gå i bånd heile tida.

Etter toppen gjekk me ned til Knabenknausen, der tre kommuner møtes. Så fulgte me den blåmerka stien tilbake.
Når me kom på anleggsvegen igjen åpna himmelens sluser seg, og det var ikkje ein tørr flekk på hverken to- eller firebeinte når me kom til bilen.

Lettgått tur, mesteparten på blåmerka god sti. Når ein skal av stien mot toppen er det og lettgått. Kjekt å sjå turmålet i sikte såpass langt unna. Og kjekt med mange badevatn på vegen, for dei som ikkje fekk ein heilt naturlig dusj.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.