Parkerte på skilta turparkering på nordsida av innløpselva i austenden av Orrestadvatnet. Solliveien er stengt med låst kjetting noen få hundre meter lenger oppe. Gjekk på god grusveg opp til Solli. Stien vidare er stedvis utydelig og såg ikkje stien opp langs bekken frå Tangavatnet. Fulgte en sti et stykke nordover som er merka med plastbånd før eg forlot stien og gjekk opp fjellsida austover. Stedvis svak sti langs bekken oppover. Frå vestenden av Tangavatnet gjekk eg direkte opp til Solliknuten.
Så vidare nordover via Solliheia til vestenden av Langavatnet, og på merka sti opp til Grønhaug. Deretter til Skarfjell, Gaulerottan, Øydalsknuten og Grøndalsheia ned til Håland og fulgte grusveg siste 4 km tilbake til utgangspunktet. Ganske greit å gå mellom Grønhaug og Skarfjell, men mykje kupert terreng og høgt gras mellom Skarfjell og Håland. Fin og varm dag, men det skya til frå sørvest tidlig om kvelden. Tur med same utgangspunkt til Glerhaugen og Sellfjellet dagen før.
Benutzerkommentare