Kvitingskjølane (07.04.2023)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Duration 7h 58min
Distance 27.1km
Vertical meters 1,345m
GPS
Ascents Nørdre Kvitingskjølen (2,025m) 07.04.2023
Store Kvitingskjølen (2,064m) 07.04.2023
Vestre Kvitingskjølen (2,060m) 07.04.2023

Kvitningskjølane


Påske del 4, Skitur til Jotunheimens utkant


Påskevæiret haldt fortsatt stand, og det var på tide å ta ein tur til Jotunheimen. Eg hadde planlagt å ta turen rundt Kvitningskjølane i løpe av vinteren, og valget fall derfor på dra dit denne dagen.
Kjørte frå Hornindal klokka 06:30 med kurs over Strynefjellet. Parkerte ved Soleggen klokka 08:50 og vendte skituppane mot Sålell. Sidan dette var ein noke slak og lang tur fall valget på fjellski.


Sålell.
Sålell.

Vi vart litt ivrige i det vi ankom Sålell, og svinga oppover ryggen mot Nørdre Kvitingskjøen noko tidlig. Dette førte til at terrenget vart litt meir kuppert enn dersom vi hadde tatt av mot ryggen litt seinare.

Det var ei dryg stigning innover denne ryggen, og det dukka stadig opp nye lurtoppar som vi måtte forsere. Terrenget var også ganske avblåst, noko som gjorde at vi måtte navigere mellom steinar som stakk opp av terrenget. Eit par plassar måtte vi også ta av skia og bære dei.



Vidare innover ryggen etter ei lita rastepause og ein lang bakke ankom vi Nørdre Kvitingskjølen. Flott utsikt, der Rondane peika seg spesielt ut.



Vidare var det forholdsvis flatt og lett bortover mot den store varden på Store Kvitingskjølen. Flott utsikt mot Galdhøpiggen, Glittertind og mange andre kjente toppar i Jotunheimen.



Frå Store Kvitingskjølen fulgte det ei lita nedrenning mot foten av Vestre Kvitingskjølen. Vi valgte å ha på fellane sidan snøen var ganske hardpakka, og det også her var en del steinar som stakk opp. Etter dette fulgte dagens siste oppstigning mot dagens siste topp.



Nedturen gikk langs ryggen fra Vestre Kvitingskjølen tilbake mot Sålell. Vi holdt litt ned i sida mot Kvitingsgjelet, då snøforhalda var best her. Toppen av ryggen var også her avblåst på enkelte parti. Det blei ein del knall og fall på Tonje, men etter nesten to timar nedkjøyring var vi tilbake ved bilen.

Fantastisk vinterdag i denne perifere delen av Jotunheimen.

Takk for turen!



Start date 07.04.2023 09:05
(UTC+01:00 DST)
End date 07.04.2023 17:03
(UTC+01:00 DST)
Total Time 7h 58min
Moving Time 6h 07min
Stopped Time 1h 50min
Overall Average 3.4km/h
Moving Average 4.4km/h
Distance 27.1km
Vertical meters 1,345m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.