Kvitegga (04.04.2023)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Duration 5h 47min
Distance 12.8km
Vertical meters 1,518m
GPS
Ascents Kvitegga (1,700m) 04.04.2023

Kvitegga


Påske del 3, Volda sin kommunetopp


Det var på tide å besøke kommunetoppen i det som etter kommunesamanslåingane i 2020 no er kommunetoppen i heimkommunen min, og også høgste toppen i Sunnmørsalpane.



Tonje, Oliver og Henrikke var med på turen. Vi parkerte langs vegen mot Norangsdalen, spann på oss skia og starta å trakke oss oppover snødalen.



Eg hadde høyrt mykje om kor langdryg denne turen var frå andre som hadde vert her tidligare. Vi gikk i jevnt tempo oppover Snødalen, og med høgdemålaren på klokka visste eg heile tida omtrent kor lenge det var igjen av denne oppstigninga. Ryggen vi kunne sjå på toppen av Snødalen skulle ligge på omtrent 1400moh, og med dette i bakhovudet var det lett å motivere seg for oppstigninga.

Det vart ein liten rast i øvre del av Snødalen før vi tok til på Brattebakken. Dette er eit brattare parti på toppen av Snødalen som fører opp på ryggen ovanfor dalen.


Brattebakken
Brattebakken
På veg opp Brattebakken
På veg opp Brattebakken
Norangsdalen, Vesleskruven og Smørskredtindane
Norangsdalen, Vesleskruven og Smørskredtindane

Før oppstigninga i Brattebakken klarte eg å knekke en pinne i låsemekanismen i bindinga på den eine skia mi. Dette førte til at eg ikkje lenger kunne låse framdelen av bindinga i gåmodus. Vi måtte derfor bruke god tid opp denne bakken. Eg måtte heile tida ta rolige bevegelsar med skia slik at dei ikkje skule løyse seg ut, spessielt i svingane.

På nedsida av Brattebakken gikk det bratt ned mot Fivelstad. Å mista skia her ville ikkje vært særlig bra. Heldigvis kom eg meg opp bakken med begge skia på beina.


Brattebakken mot Fivelstad
Brattebakken mot Fivelstad

Turen gjekk vidare i slakare terreng med ca. 100 meter oppstigning mot en fortopp før ei lita nedrenning med fellar på til foten av sjølve toppen. Herifra var det vel nye 100 meter oppstigning til toppen av Kvitegga.


Siste bakken opp mot toppen
Siste bakken opp mot toppen

På toppen var det flott utsikt mot Sunnmørsalpane og Nordfjord. På austsida er det skavlar som heng over kanten, så her er det viktig å ikkje gå for nærmt kanten.



Kvitegga var en flott tur, og ikkje så langdryg som det eg har høyrt tidligare. Utsikta var veldig flott, og eg lurer på om vi såg heilt til Hurrungane. På bildet under kan ein so vidt skimte til venstre ein fjellrygg som lignar på Gjertvasstind og Styggedalnstindane. Himmelretninga stemmer også bra med posisjonen til desse.



Nedrenninga ned Snødalen var også artig, med forholda denne dagen var varierande.

Takk for turen!


---

Start date 04.04.2023 09:18
(UTC+01:00)
End date 04.04.2023 15:06
(UTC+01:00)
Total Time 5h 47min
Moving Time 3h 44min
Stopped Time 2h 03min
Overall Average 2.2km/h
Moving Average 3.4km/h
Distance 12.8km
Vertical meters 1,517m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.