Vangsen (14.07.2023)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Duration 5h 46min
Distance 7.4km
Vertical meters 733m
GPS
Ascents Vangsen (1,757m) 14.07.2023 11:35

Karin hadde prata om denne toppen lenge, og mellom to lågtrykk hadde ho bestemt seg, bestilte rom på Jostedalen Hotell og då var det berre å henga med.
Frå Krekane tok me opp Vanndalen til Vanndalsvatnet 1057 moh der det var fin parkeringsplass. Følte oss litt åleine i eit stort nytt område, og berre ein utanlandsk bubil på plassen attmed. Men me sala på oss og la i veg ned bakkane mot ei solid bru. Lett å sjå at stien var mykje brukt. So vart det bratt oppover bakkane på andre sida med blaut jord, stein og vegetasjon i skjønn foreining. Der er det komen ein bil til på parkeringsplassen, seier Karin, og ein person kom bortetter stien i luntetrav. Me var ikkje lenger åleine her.
I 1300 m høgd vart det ein 90 graders til høgre med 100 høgdemeter med stein og ur til me møtte ei snøfonn. Her kom ei ung dame i full fart og nådde oss att. Ho hadde vore på Vangsen mange gonger før og i dag skulle ho setta ny pers!
Det flata litt ut etter fonni før me traff ein bratt hammar. Her vart det litt armar og bein, og me kom oss opp i noko flatare lende på 1500 moh. Her bar det innover på tvers av oppstuka bylgjeforma fjell til me kom til den siste styrkeprøven, snøfonna som smalna til og vart brattare dess høgre me kom. Men med eitt og eitt steg i god snø, og med fotspora til dama før oss som inspirasjon, kom me oss opp på toppeggen og bort til den store flotte varden. Etter ein særs vellukka tur hadde me ein flott kveld på hotellet hjå Laila. Me kjem nok att fleire gonger!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.