Besseggen (08.07.2023)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Memurubu
Endpoint Gjendesheim
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 20min
Distance 15.2km
Vertical meters 1,118m
Map
Ascents Vest for Bandet (1,473m) 08.07.2023
Vest for Bjørnbøltjønne (1,490m) 08.07.2023
Veslfjellet (1,743m) 08.07.2023
Veslfjellet Øst (1,722m) 08.07.2023
Visits of other PBEs Besseggen (1,500m) 08.07.2023
Besseggen utsikt 08.07.2023
Gjendeosen parkering 08.07.2023
Gjendesheim (994m) 08.07.2023
Gjendesheim–Memurubu via Besseggen 08.07.2023
Memurubu (1,005m) 08.07.2023
Memurubu brygge 08.07.2023
Klyving Veslfjellet 08.07.2023
Veslfjellet–Gjendeosen utsikt (1,700m) 08.07.2023

Har lenge tenkt å gå Besseggen, men på grunn av høgdeskrekken har eg vore litt skeptisk. Eg vil nødig være den som står fast på grunn av at frykta for høgde tar overhånd. Etter kvart som eg har tatt både Eggenipa og Smalerabben i nærområdet mitt, så har eg innsett at sjølv om høgdeskrekken ikkje er borte (noko den ikkje skal være heller), så har eg så pass kontroll at eg kan utfordre meg på Besseggen. Eg tok like godt ei venninne med, som har ein anelse meir høgdeskrekk enn meg, og som alltid har ønskje om å gå Besseggen.
Vi overnatta på Gjendesheim og tok første båt over til Memurubu. Gjekk roleg opp frå Memurubu og vi var like spent begge to. Det blei mange små pausar oppover for å ta bilde av den flotte naturen. Etter kvart såg vi eggen og vart veldig spente på korleis den egentleg skulle være. Dei som vi kjenner, som har gått før seier at det ikkje er så ille, mens andre seier det er veldig skummelt, eg veit ikkje korleis eg vil reagere på eggen. Min strategi er å bli ferdig med det eg synest er skummelt og heller nyte utsikta på toppen. Så det vart strategien min opp eggen. Venninna mi sin strategi var litt annleis, ho ville studere og sjå før ho begir seg ut på turen. Så avtalen vart at eg ikkje skulle vente på ho før eg var oppe.
Sjølv om eg kjente at dette var litt skummelt, så har eg gått turar som eg følte var meir utsett, slik som Eggenipa. Begge kom opp og eg såg at venninna mi er nok tøffare enn meg med tanke på at ho har ein verre høgdeskrekk enn det eg har. Ho fekk hjelp av eit par damer som forbarma seg over ho. Vi tok ein velfortent rast på Veslfjellet før vi tok fatt på nedstiginga. Eit par stopp til, blandt anna på utkikkspunktet. På veg ned frå høgda skulle vi passere klyvepartiet, dette er det få som nemner når vi snakker om Besseggen, men det var ganske ubehageleg ettersom det ikkje er godt fotfeste. Resten av turen kjente vi at no var det godt å komme seg ned og få seg ein dusj før returen til vestlandet. På slike turar gjer ein seg nokre erfaringar. Det eine er at ein er aldri aleiene på slike kjente turar. Folk er veldig hyggelige når dei er på fjellet og ikkje minst veldig behjelpeleg dersom det skulle være noko.

På veg opp frå Memurubu
På veg opp frå Memurubu
På veg opp frå Memurubu mot Surtningsue
På veg opp frå Memurubu mot Surtningsue
På veg opp frå Memurubu, utsikt mot Memurudalen
På veg opp frå Memurubu, utsikt mot Memurudalen
På veg opp frå Memurubu
På veg opp frå Memurubu
På veg opp frå Memurubu. Gjende. Knutshøe midt i mot
På veg opp frå Memurubu. Gjende. Knutshøe midt i mot
Utsikt over Gjende. Flott grønnfarge på vatnet
Utsikt over Gjende. Flott grønnfarge på vatnet
Utsikt over Gjende mot Gjendebu. Flott grønnfarge på vatnet
Utsikt over Gjende mot Gjendebu. Flott grønnfarge på vatnet
Endeleg kjem Besseggen fram.Litt nysjerrig på korleis den er.
Endeleg kjem Besseggen fram.Litt nysjerrig på korleis den er.
Besseggen og Bessvatnet .
Besseggen og Bessvatnet .
Klar til å gå opp Besseggen
Klar til å gå opp Besseggen
Besseggen. Gjende i bakgrunnen. Letta over å klare den berykta Besseggen
Besseggen. Gjende i bakgrunnen. Letta over å klare den berykta Besseggen
Eit av dei vanlegaste motiva frå Besseggen. Med Bessvatn og det grønne Gjendevatnet
Eit av dei vanlegaste motiva frå Besseggen. Med Bessvatn og det grønne Gjendevatnet
Etter toppen av Veslfjellet er det reine "autostradaen" før nedstiging.
Etter toppen av Veslfjellet er det reine "autostradaen" før nedstiging.
Utsiktspunktet ved Veslfjellet
Utsiktspunktet ved Veslfjellet
Litt krevjande klyvepunkt
Litt krevjande klyvepunkt

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.