Salomon Xreid Trollheimen (30.06.2023)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 22h 16min
Distance 132.9km
Vertical meters 4,837m
GPS
Ascents Storhøa (1,167m) 30.06.2023
Trollhetta (1,614m) 30.06.2023
Trollhøtta Nordtoppen (1,596m) 30.06.2023
Trollhøtta Østtoppen (1,522m) 30.06.2023

30. juni har stått som ein dato med raud ring rundt på kalenderen sidan Xreid-gjengen annonserte Trollheimen som destinasjon for årets løp. Etter ni år med arrangement rundt om i landet vart det tiande og siste løpet lagt til området som eg har tura rundt i på jakt etter nye toppar dei siste åra. Ultraløping har vel pirra interessa i større eller mindre grad i lengre tid, og når årets rute vart lagt i nærteigen, så måtte det berre bli påmelding.

Drøye 200 deltakarar starta ut frå Storlia klokka 12:00 på fredag med mål om å tilbakelegge 135 kilometer gjennom Trollheimen med målgang på Oppdal. Dermed bars det i veg langs raudmerka sti, som stort sett likna meir på elv enn sti til Innerdalen, vidare over Bjøråskaret i skikkeleg ruskever før første checkpoint på Kårvatn. Her fekk vi bytta til tørt tøy, som rakk å bli meir enn berre litt fuktig lenge før vi hadde passert Nauståsetra på veg austover. Kortvarig glede, med andre ord - i sterk kontrast til sjølve løpet.

Timane og kilometrane gikk vidare til Trollheimshytta (som ikkje var definert som eit offisielt sjekkpunkt, men der mange likevel bevilga seg ein pause og litt kjøp av mat og drikke), deretter skulle vi over Trollhetta og i retning Nerskogen, der løypas andre og siste sjekkpunkt var plassert ved demninga på Granasjøen. Terrenget over Trollhetta føltes som heimebane - i den delvis bratte stigninga og gjennom steinura tok eg att fleire som truleg var meir vant til marka-sti enn regnvåt ur. Slikt gir motivasjon når klokka rundar midnatt, og sjølv om eg begynte å bli godt sigen, så kunne eg konkludere med at det var mange som var på ein mørkare plass enn meg sjølv. Toppen av Trollhetta var for øvrig den einaste plassen i løypa utan skodde eller regn, og utsikta mot Snota som stakk opp av skydekket fungerte godt som energipåfyll i skumringa. Over Langfjellet låg skodda derimot tjukk, så minutta gjekk med til å speide etter neste raude T for å finne vegen ned til Jøldalshytta

Etappen frå Jøldalen til Nerskogen var prega av rikeleg med navigering utafor stinettverk, og med mykje tung løping i blautmyra kunne ikkje sjekkpunktet ved Granasjøen kome fort nok. Dag og kveld vart etterkvart til natt på denne strekninga, og ved ankomst på sjekkpunktet var klokka blitt nærmare 4. Servering av kjøttsuppe og varmen frå ei bålpanne gjorde sitt til at det var freistande å berre bli sitjande, men eg fekk omsider starta på dei siste 40 kilometrane i retning mål på Oppdal.

I fem-tida var eg nær ved å somne i stigninga opp på nordsida av Leverdalen, og sleit med å halde stø kurs på stien. Eg vurderte å lene meg mot ein stein for å sove litt, men var såpass usikker på når eg ville vakne igjen at eg ikkje tok sjansen. I staden endte eg opp med å ringe ein god kollega som var på nattevakt, og etter litt toillprat i telefon kvikna eg fort til.

I takt med at det lysna av dag tikka kilometrane sakte men sikkert unna i retning mål, og etter passering gjennom Red Bull-buen på Storhøa var det stort sett slakt nedover i myrlendt terreng, før dei siste kilometrane gjekk på ubarmhjertig asfalt frå Stølen til målgang ved skytterhuset. Sprang i mål til tiandeplass og ei sluttid på 22 timar og 17 minutt. Så lenge har eg aldri hatt våte sko før.

User comments

  • -
    avatar

    Salomon Xreid Trollheimen

    Written by JoSo 05.07.2023 22:05

    Sterk prestasjon Steinar :)

    Gratulerer !!

    • -
      avatar

      Sv: Salomon Xreid Trollheimen

      Written by aarvag 09.07.2023 15:54

      Takk for det, Johan - så nærme ein kjem heimebane for meg dette!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.