Muledalsegga + (02.07.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Distance 20.2km
Vertical meters 2,158m
GPS
Ascents Blåfjellet (1,600m) 02.07.2023 18:01
Muldalsegga (1,766m) 02.07.2023 18:01
Trollkyrkja (1,762m) 02.07.2023 18:01
Trollkyrkja Sørøst (1,711m) 02.07.2023 18:01

Hadde nokon aleinedagar i ferien før ungane skulle hentast på Otta tirsdag. Pakka bilen full av stæsj for allslags eventuelle friluftsplanar. Det var berre eit problem som eg måtte undertrykke så godt eg kunne: værmeldingane var av det bedritne slaget.

Etter nøye studering av kartet fann eg at regnet ikkje skulle kome til valldal og romsdalen før i 5-tida denne dagen. Eg køyrde ditover, og sikta meg inn på Muldalsegga (høg pf) og Trollkyrkja (sexy profil) som turmål. Avgang frå turistjungelen klokka 11, varmt og godt oppover.

Det låg mørke skyer både her og der, så eg sikta meg inn på Muldalsegga via Blåfjellet. Dei to enklare toppane burde vere realistisk å få til før regnet kom. God fart oppover, og på Blåfjellet etter 2 timar. Kom ei regnbyge, men den var av det lette slaget. Greit vidare frå Blåfjellet til Muldalsegga, som eg nådde klokka 14.

Det var litt likt og ulikt vær i fjella rundt - Tafjord regna det, men her eg var skein sola. Så eg gikk mot Trollkyrkja. Klyvde meg opp på søraustryggen, og vidare opp denne. Fin klyving, men no byrja været å tetne seg til. Rett før toppen kom skodda og regnet. Synd, for her kunne eg tenkt meg ein beinstrekk. I staden vart det lite andakt, og berre å kome seg ned. Gode tak både for hender og føter gjorde det uproblematisk sjølv på vått føre, men litt spanande var det jo.

Eg hadde avskrive Trollkyrkja Sør der den låg i skodda, men tilbake i skaret skein og varma sola. Det var ikkje langt opp dit! Vi måtte prøve! Litt speiding i vestsida, så fann eg ei grei renne opp. På toppen var det varmt og godt.

Deretter la eg returen ned mot Klombra - den klart kortaste returen herifrå. Eg såg lenge og vel på toppane rett framom meg. Kunne dei vere raudnåler då? Eg hadde ikkje planlagt å gå ned denne sida, og dermed heller ikkje sjekka ordentlig pf på desse greiene. No stod eg her utan nett på telefonen, men syntest å hugse at neste raudnål var Neskopptinden. Og det var for langt.

Så då vart det retur. Surt å sjå i ettertid at eg var så nær Korga utan å stikke oppom. Men då har eg noko å kome tilbake til, Kroksleiven ;-) Nedover bakkane byrja tordenværet å dundre kring Høgstolen på nordsida av dalen. Så heilt greit å kome seg ned i låglandet. Fann ein veg ned bratta mot Heivatnet, men dette var nok ikkje den enklaste. Ser i ettertid at det går ein sti på andre sida av fossen. Deretter fin trask i flott sommarvær tilbake til Gudbransjuvet der eg rakk ein kanelsnurr.

Køyrde så til Åndalsnes, framleis med aktiv undertrtykking av diverse værmeldingar. Tok ein tindeburger, og korresponderte litt med Kroksleiven, som kontant avviste å kome oppover grunna værsituasjonen. Sjekka heile sørnorge etter håp om sol for morgendagen. Håpet brast, så då var det berre å setje seg i bilen heimover. I slikt vær kan ein like gjerne gå på Nausdalskamben.

Skitt au - trur dette var max utbytte av været i dag.

Start date 02.07.2023 10:58
(UTC+01:00 DST)
End date 02.07.2023 17:52
(UTC+01:00 DST)
Total Time 6h 54min
Moving Time 6h 17min
Stopped Time 0h 36min
Overall Average 2.9km/h
Moving Average 3.2km/h
Distance 20.2km
Vertical meters 2,158m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.