Horgi rundt (25.06.2023)
Written by JonnyA (Jonny Asperheim)
Visits of other PBEs | Strupane stistart (600m) | 25.06.2023 15:50 |
---|
Horgi rundt. Me var innom Feninga og Sjursete. Det vart lunsj på terrassen på Framigardsselet saman med eigaren Håkon. På Feninga stølte gardane og plassane på Seim-sida av dalen. På Sjursete var det bruka på Årebrusida som stølte. Rundt Horgi har me fin utsikt til nokre av nundalsstølane, mellom anna Voss, fjellstølen til Torpen, Bakken som var vårstølen til Torpen, Odden som var vårstølen til Haugstad, og Ormesete som var fjellstølen til Haugstad. Bakken og Odden ligg på kvar si side av Ormesetelvi. På Ormesete står berre tuftene att. Den store kvemuren er godt synleg høgt oppe, tvers over dalen.
Heile runden er godt og vel 10 km og det er god sti. Myrane står kvite av molteblomst, og med dette veret ser det ut til å verta eit godt molteår.
User comments